Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ei ny utstilling på Europeisk dokumentasjonssenter, Dragefjellet, viser bøker og rapportar som omhandlar lovverket til EU og spørsmål knytt til rasisme.
- Vi har plukka ut alle bestemmelsane til EU som handlar om rasisme og dradd parallellar til det norske lovverket, seier leiar for Europeisk dokumentasjonssenter, Liv Glasser som står bak utstillinga. Utstillinga inneheld rapportar som ”Summary Report on Islamophobia in the EU after 11.September 2001.”, og til dømes den norske “Nytt forslag om vern mot etnisk diskriminering”, som for tida er ute på høyring, og ei rekkje andre rapportar og bøker som omhandlar det europeiske lovverket og rasisme. EU har eit eige kontor, European Monitoring Centre of Racism and Xenophobia, som skal overvake desse områda. Europeisk dokumentasjonssenter (EDC) får tilsendt skrifter frå dette og andre EU-organ – slik at ein kan finne alt relevant stoff om EU-lovverket her. EDC flytta til Dragefjellet i vår og vart nabo med Jusbiblioteket. Ifølge Liv Glasser blir senteret på Dragefjellet primært nytta av juristar og samfunnsvitarar, og det er aukande etterspurnad etter EU-informasjon. På nettsidene til europeisk dokumentasjonssenter kan ein finne mykje nyttig, men også kuriøs EU-informasjon. Til dømes finn ein dei fulle namna til ei rekke EU-direktiv, som er kjent under forkortingar. Til dømes sjokoladedirektivet, honningdirektivet og kvitvaskingsdirektivet. På nettsidene finn ein link til Rapid: Pressetenesten til EU, Europainformasjon –EU-rettskilder, ein finn link til avtaler og traktatar og mykje anna.
400 senter i heile Europa
Senteret er eitt av 400 slike dokumentasjonssenter i Europa. Av desse er tre i Noreg. Opprettinga av slike senter er ein del av informasjonspolitikken til EU. Senteret har over 10.000 bind om EU, men er også eit omfattande tilbod på nettet.
Sender ut nyhende frå EU
- EU-lovverket dreier seg om mange fag og er stadig meir aktuelt ettersom vi i Noreg må forhalde oss til ei rekke EU-direktiv. Eg prøver særskilt å samle på stoff som har med Noreg å gjere, seier Glasser.
Ho les nyhende frå EU dagleg og ser etter særskilte emne ho veit folk er interessert i. Dokumentasjonssenteret tilbyr mellom anna ein teneste for nyheitsovervaking. Om lag to gonger i veka sender ho ut meldingar om nyhende som omhandlar mellom anna asylrett, miljøvern og konkurranserett er blant emna.
Sjokoladedirektivet
Europeisk Dokumentasjonssenter rettar seg primært mot studentar og tilsette ved UiB men hjelper også andre som ønskjer hjelp til å finne fram i lovverket til EU.