Hilde Elin Haaland-Kramer, seniorkonsulent ved institutt for framandspråk, ynskjer ei nasjonal satsing på språkfaga. Foto: Karl Kristian Langeland.

Ynskjer nasjonal satsing på språkfag

Publisert

Fredag vart den europeiske språkdagen markert over heile landet, også ved UiB. Språkfaga har lenge slite med rekrutteringa og no ynskjer dei ei nasjonal satsing på lik linje med realfaga.

<<Språk opnar dører>> står det på store banner utanfor auditorium 2 på Dragefjellet. Innanfor sit elevar frå vidaregåande og får ei innføring i kva språkfaga på UiB har å tilby.

Dørene til språkstudia har i mange år stått vidopne, men ikkje så mange som ein har ynskt har hatt interesse av å gå inn. I 2005 var det 738 som hadde eit språkstudium ved UiB som fyrsteval då dei søkte høgare utdanning. I år var det berre 529 syner tal frå samordna opptak.

Ynskjer nasjonal satsing
Nasjonalt har realfaga vorte satsa på dei siste åra og søkjartala syner at det har hatt resultat. No ynskjer Hilde Elin Haaland-Kramer, seniorkonsulent ved institutt for framandspråk, ei liknande satsing.

– Vi skulle gjerne hatt ei slik nasjonal satsing på språkfaga. Det ser jo ut til å ha hatt ein effekt på realfaga og det er noko vi gjerne skulle sett på språkfaga også.

Og Haaland-Kramer får full støtte frå dekan på HF, Margareth Hagen.

– Det er eit nasjonalt problem at språkfaga rekrutterer dårleg, særleg europeiske språk som fransk og tysk. Vi har eit ansvar for komande generasjonar. Vi har mellom anna eit generasjonsskifte på gang hjå lektorane. Korleis vil det gå om vi ikkje klarer å få nok folk til å studere språk? Eit anna eksempel kan vi ta innanfor handel. Det at så få vil studere tysk når ein tenkjer på at Tyskland er ein av Noregs største handelspartnarar er også alvorlig, seier ei tydeleg engasjert Hagen.

Vanskar med å rekruttere også på NTNU
Ved NTNU gikk talet på søkjarar til språkfaga ned med 7 prosent i år. Der vurderer dei no fleire tiltak for å betre på dei negative tala fortel leiar ved institutt for språk og litteratur, Sarah J. Paulson.

– Vi vurderer å innføre forkurs for å få auke språkferdigheitene i starten av studia, vi ser på korleis vi kan følgje opp studentane våre på ein betre måte, korleis utnytte gruppetimane på ein annan måte enn vi har gjort tidlegare. Vi ser på kva vi kan gjere for å profilere studia på ein annan måte. Vi vurderer fleire tiltak og eg reknar med at fleire blir implementert ved neste studieår. Så får vi håpe det kan vere med på å auke søknadane til språkfaga.

Også ho tek til orde for ei nasjonal satsing på språkfaga.

– Ja det er på høg tid! Språk og kulturforståing er heilt naudsynt i vår verd. No må det prioriterast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Det var mange elevar frå den vidaregåande skulen som var på besøk på UiB i anledning den europeiske språkdagen. Håpet er å freiste dei til å ville studere språkfag når dei skal vidare til høgare utdanning. Foto: Karl Kristian Langeland.

–Realfag er meir nyttig
Inne i seminarrom 5 er ei gruppe elevar i sving på tre ulike stasjonar. Her kan dei lære meir om tysk språk og kultur. Meiningane om språk og språkfag er mange. Ein kunne kanskje tenke seg å studere spansk fordi han har spansk kjærast, nokre av dei synes språk er vanskeleg og har ikkje så stor interesse for det, medan andre tykkjer det er spanande med ein slik språkdag.

– Eg synes dette er veldig lærerikt. No får vi kanskje litt fleire alternativ til kva vi kan velje å studere etter vidaregåande, seier Tarje Hillersøy som er ein av dei mange frammøtte elevane.

– Kva må til for at du skal byrje på eit språkstudie?

– Det må vere eit språk som seier meg noko eller at det kanskje er eit språk som eg får nytte av i eit land eg kunne tenke meg å studere i seinare.

Han trur ikkje realfagssatsinga dei siste åra har skremt studentar bort frå språkfaga, men at fleire ser tydelegare nytteverdien av å studere realfag.

– Eg trur grunnen til at mange vel realfag er fordi det er veldig nyttig. Utanom læraryrket er det kanskje ikkje så mange klare yrkesval for dei som studerer språk? På realfag har ein så mange moglegheiter.

Er språk like viktig som realfag?
Haaland-Kramer lovar uansett at dei skal stå på framover for å prøve å betre tala på søkjarar til språkfaga.

Vi vil halde fram med arbeidet opp mot den vidaregåande skulen slik som vi gjer i dag. Vi har ei nettside som heiter uib.no/velgsprak der ein kan få meir informasjon om studiet. Vi er også opne for at klassar, elevar og skular kan ta kontakt med oss å for å få eit skreddarsydd opplegg på andre dagar enn dei vi sjølve arrangerer. Vi prøvar å vere mest mogleg tilgjengelege.

– Men er språk like viktig som realfag?

– Språk er viktig i den globaliserte verda vi lever i og språk opnar dørene til andre folks kultur, samfunn, litteratur og historie. Gode språkkunnskapar og kjennskap til andre lands kulturar og litteratur er viktig både for næringslivet og for å løyse dei globale problema vi står ovanfor, meiner Haaland-Kramer.

Her kan du lese meir om den europeiske språkdagen og arrangementa til UiB.

Powered by Labrador CMS