Redd for at for gode karakterar kan øydelegga

Publisert

– Det er farleg dersom det vert slik at alle veit at ein god karakter eigentleg ikkje er ein god karakter, meiner Gisle Selnes.

Får studentane for gode karakterar? Det diskuterte fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultet denne veka.

Bakgrunnen for saka er å følgja opp Universitets- og høgskolerådet si tilråing om å vurdera karakterbruken innan dei ulike fagområda. Då dagens karaktersystem vart innført i 2003, var målet at alle universitet og høgskular skulle nytta same karakterskala, og at dei ulike karakterane skulle gi uttrykk for prestasjonar som kunne samanliknanst på tvers av fag- og institusjonsgrenser.

87,5 prosent A
Konklusjonen er at karakterane ved HF ikkje skil seg vesentleg frå verken andre HF-fakultet eller resten av UiB, og vurderinga i saksframstillinga er difor at ein ikkje er verken for streng eller snill.

Men det er likevel skilnader mellom dei ulike faga. Filosofi og idehistorie skil seg ut ved at dei har svært gode karakterar på masternivå. I 2010 fekk 87,5 prosent A på masteroppgåva i filosofi, og året etter fekk halvparten B medan 37,5 prosent fekk A på oppgåva i filosofi og idéhistorie.

– Instituttleiar ser på dette som eit problem, og dette er noko det vert jobba med, sa dekan Gjert Kristoffersen.

 

Dekan Gjert Kristoffersen meiner det er naturleg at masterstudentane får betre karakterar enn studentar på bachelor-nivå. Arkivfoto: Guri Gunnes Oppegård

Vil ha gjennomgang
Kristoffersen fekk støtte frå styrerepresentantane.

– Me fekk køyr fordi me ga for gode karakterarar. Det vart store endringar etter at ein gjekk vekk frå talkarakterar, sa Jan Heiret, som representerer Institutt for Arkeologi, historie, kunst- og kulturvitskap.

– Alle har visst at filosofi har gitt gode karakterar. Det er ingen grunn til å tru at tala er reelle, ein må bruka skalaen, sa Heiret vidare.

Han fekk støtte frå Gisle Selnes, som representerer Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– Dersom det vert slik at alle veit at ein god karakter i filosofi eigentleg ikkje er ein god karakter kan det slå uheldig ut i vurderingsamanhengar, sa Selnes.

– Me kan sjølvsagt seia at me har fantastiske undervisarar og fantastiske studentar, sa Claus Huitfelt, som representerer Institutt for filosofi og førstesemesterstudier.

– Men me er merksame på problemet og vil gjera noko med det, la han meir alvorleg til.

– Me har eit høgt snitt på bachelor òg, og programsensoren seier at snittet skal vera slik. No vurderer me å få ein programsensor på master òg.

60 prosent får A eller B
Oversikten viser at karakterane jamnt over er betre på masternivå enn på bachelornivå. Styret uttrykte at dei er glade for at det er slik.

– Dette heng nok saman med både at det er eit høgare snitt for å koma inn og at ein får rettleiing undervegs, sa Kristoffersen.

– Det er godt å sjå at det ikkje lenger er slik at ein ikkje skal ha betre karakterar på master. Det var eit absurd mål, sa Selnes.

– Og det er godt å sjå at debatten om normalfordeling er død, sa Heirut.

Dersom ein ser på karaktersnittet, får om lag 60 prosent av dei som leverer masteroppgåve ved HF karakteren A eller B.  Faga som har karakterar som er betre enn snittet er allmenn lingvistikk, filosofi og idehistorie, fransk, musikkerapi, utøvande musikk eller komposisjon, musikkterapi, nordisk, region og regionalisering, religionsvitskap, spansk språk og latinamerikastudier, teatervitskap og utøvande musikk.

Allmenn litteraturvitskap, arabisk, arkeologi, digital kultur, engelsk, historie, italiensk, integrert lektorutdanning, kulturvitskap, kunsthistorie, russisk og tysk er under snittet.

– Då eg studerte på 1980-talet, var det òg nokre fag der «alle» visste at ein fekk for gode karakterar, sa Jan Heiret (til høgre). Saman med Gisle Selnes er han redd for at for godt karaktersnitt for einskilde fag kan vera øydeleggande. Foto: Hilde Kristin Strand

 

Redd for at for gode karakterar kan øydelegga

Allmenn lingvistikk: 40 % A, 20 % B

Allmenn litt.vitskap 18,8 % A 31,3 % B

Arabisk 20 % A 20 % B

Arkeologi 2010 10 % A 70 % B

Arkeologi 2011 7,1 % A 42,9 % B

Digital kultur* 28,6 % A 42,9 % B

Engelsk 2010 13,3 % A 46,6 % B

Engelsk 2011 17,6 % A 47,1 % B

Filosofi 2010 87,5 % A 12,5 % B

Filosofi og idéhist. 2011 37,5 % A 50 % B

Fransk* 55,6 % A 22,2 % B

Historie 2010 15,7 % A 37,5 % B

Historie 2011 15,2 % A 36,4 % B

Italiensk* 20 % A 20 % B

Integr. lektor (fr. språk)* 14,3 % A 14,3 % B

Integr lektor (nordisk)* 8,3 % A 41,7 % B

Kulturvitskap 2010 20 % A 20 % B

Kulturvitskap 2011 14,3 % A 14,3 % B

Kunsthistorie 2010 20 % A 20 % B

Kunsthistorie 2011 20 % A 20 % B

Musikkterapi 2011 37,5 % A 50 % B

Nordisk 2010 33,3 % A 50 % B 16,7

Nordisk 2011 6,7 % A 60 % B

Region og regionalisering* 16,7 % A 50 % B

Rel.vitskap 2010 40 % A 40 % B

Rel.vitskap 2011 28,6 % A 42,9 % B

Russisk* 0 % A 20 % B

Spank språk og latinamerikast. 2010 45,5 % A 27,3 % B

Spansk språk og latinamerikast. 2011 42,9 % A 42,9 % B

Teatervitskap* 20 % A 40 % B

Tysk* 14,3 % A 42,9 % B

Utøvande musikk* 33,3 % A 55,5 % B

Total 2010 25,9 % A 36,4 % B

Total 2011 21,5 % A 40,3 % B

Faga merka med * har tal for to år, i hovudsak frå 2010 og 2011.

Kjelde: møtepapir til HF sitt fakultetsstyremøte

 

Powered by Labrador CMS