Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Regjeringa vil etablera fleire Senter for framifrå forsking (SFF) frå 2007. Det opplyste utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet på ein konferanse om forsking og nyskaping i Oslo tysdag 13. mai.
– Etableringa av senter for framifrå forsking har ført til at gode og levande forskingsmiljø har inngått alliansar og etablert tverrfaglege toppforskingssenter. Det har vore ei medverkande årsak til at regjeringa no går inn for å etablera nye senter for framifrå forsking frå 2007, avslørte statsråd Kristin Clemet på Forskingsrådet sin konferanse på Blindern.
Det skriv nettavisa ved Universitetet i Oslo, Uniforum nett no. I følgje avisa opplyste statsråden om at SFF-utlysinga skal skje i 2005.
Clemet var også opptatt av at universiteta tok på alvor pålegget om å leggja forholda til rette for å utvikla vidare forskingsresultat som kan kommersialiserast.