Feiring av avtalen: Olav Flaaten, forskningsdirektør for GlaxoSmith-Kline Norge, professor Amund Gulsvik, professor Per Bakke, daglig leder Arne Godal i Innovest AS og administrerende direktør Anne Kverneland Bogsnes ved Haukeland sykehus.

Rekordkontrakt for lungeforskarar

Publisert

Eit forskarteam ved Insitutt for indremedisin, UiB, har fått 16 millionar frå legemiddelgiganten GlaxoSmith-Kline Research for å forska på lungesjukdomen kols.Dette er den største forskingskontrakta ved Haukeland nokonsinne. Torsdag 26.september var det underskriving og champagne.

– Vi unner oss champagne i dag, etterkvart blir det nok meir arbeid og mindre champagne, sa ein svært nøgd Amund Gulsvik som leiar forskargruppa som har fått eit kjempeprosjekt å jobba med dei komande åra. Lungeforskarane skal prøva å karlegga arveleg disposisjon for den uhelbredelege og langsamtinvalidiserande lungesjukdomen kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom). Dei skal undersøka om skilnader i arvemassen kan føra til eller hindra sjukdom.

GlaxoSmith-Kline Research er eitt av dei største legemiddelfirma i verda og har eit forskningsbudsjett på heile 35 milliardar kroner. Det var dei som vende seg til bergensforskarane og spurde om dei kunne vera viljuge til å vera med på å utvikla nye diagnostiske metodar og legemidler for KOLS.

– Idag har vi ingen effektive legemiddel som hindrar dei irreversible arrforandringene i luftvegane og destruksjon av luftblærene som opptrer ved kols, sa Gulsvik.

Skryt til forskarane

Olav Flaten som er direktør i den norske avdelinga GlaxoSmith-Kline var tilstades når kontrakta vart underskriven på Haukeland universitetssykehus. Han gav svært mykje skryt til Gulsvik og hans gruppe som han kalla norsk lungeforsking i eit nøtteskal. Han understreka at genteknologi no er det som kan bringa forståing av årsak til sjukdom eit steg framover.

– Vi veit mykje om sjukdomar sitt forløp, men lite om årsak. Vi ønsker å investera i forsking som kan gje oss meir kunnskap om bakgrunnen for at sjukdomar oppstår. Med dette ønsker vi å få betre kunnskap som vi kan bruka til å utvikla og skreddarsy behandling på ein annan måte enn tidlegare. Vi har hatt mange prosjekt med Haukeland, men dette er det desidert største og mest basale, sa Flaten.

Forsking viktig for Haukeland

 

Forskarane skal samanlikna tusen røykarar med kols-diagnose med like mange friske røykarar. Gjennom genforsking vil forskarane finna ut kvifor berre nokre er sjuke.

– Vi her i Hordaland er så heldige å ha ein samarbeidsviljug populasjon som stiller opp til beste for vår forsking, sa Amund Gulsvik.

Undersøkelsen skal gå over to år. Heile prosjektet er meint å vara i ti til femten år og vil gje mange nye arbeidsplassar.

Direktør for Helse-Bergen, Anne Kverneland Bogsnes, var og til stades då champagnekorkane gjekk i taket. Ho sa til På Høydene at ho er svært stolt over at denne avtalen set HelseBergen på kartet.

– Ein viktig del av det vi skal halda på med er forsking og utvikling. Mi målsetting er at det gode samarbeidet mellom HelseBergen og Universitetet i Bergen skal utviklast, sa Kverneland Bogsnes.

 

Powered by Labrador CMS