Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Er det ikkje fint der? spør professor Xu Maoyun og klikkar seg gjennom ei lang rekkje bilete på dataskjermen. Bileta er frå heimbyen hennar i Kina. Når ho reiser heim til sommaren, vil ho gjerne ha med seg nordmenn som kan tenkje seg å undervise i engelsk på eit kinesisk universitet.
Xu Maoyun er professor ved Nanchang-universitetet i provinsen Jiangxi, søraust i Kina. No har ho eit forskarstipend for å studere IKT-støtta læring ved UiB, som ho skal bruke i undervisinga når ho kjem attende til Kina. Men planen er også å rekruttere nordmenn til undervisingsopphald ved Nanchang. Universitetet er det største i provinsen, og har vakse enormt dei siste åra. No har dei stor trong for fleire lærekrefter. – Vi er interesserte i både røynde lærarar og i studentar som har avslutta bachelor- eller mastergrad i engelsk. Universitetet stiller med fri bustad og reisekostnader, og eg trur dette vil vere ein god sjanse for norske studentar og professorar til å undervise i Kina. Vi har hatt norske lærarar hos oss tidlegare, og dei har imponert meg stort, fortel ho.
– I år er det om lag 30.000 studentar ved Nanchang-universitetet. I år 2000 var talet kring 14.000, så det er i sterk utvikling, fortel Xu.
– Universitetsområdet er stort, og dei er i gang med store nybyggingsprosjekt.
Fri bustad
– Vi treng folk som kan vere hos oss i alle fall eit år. Men har dei lyst, kan dei vere så lenge dei vil. Behovet er stort.
Universitetet opplever ei satsing frå styresmaktene, og tilbyr eit femtitals ulike masterprogram innanfor naturvitskap, ingeniørfag og humanistiske fag, i tillegg til ulike kurs i kinesisk som framandspråk. Provinsen kan også lokke med storslåtte naturopplevingar. Interesserte kan ta kontakt med Xu Maoyun på e-post: xumaoyun21@yahoo.com.cn.