Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetet i Gøteborg legg 228 millionar svenske kroner på bordet, og sikrar seg Yale-forskaren Ellen Lust.
Frå det svenske Vetenskapsrådet har Universitetet i Gøteborg fått tildelt 131 millionar kroner over ti år. Institusjonen sjølv bidrar med 97 millionar kroner. Dermed har universitetet midlar til å flytte Ellen Lust og heile verksemda hennar frå Yale til Gøteborg.
Pam Fredman, rektor ved Universitetet i Gøtenborg universitet, er nøgd.
– Ellen Lust er ein svært framståande statsvitar med brei kompetanse innan det samfunnsvitskaplege området, seier Pam Fredman til nyheitsnettsida ved Gøteborgs Universitet.
Ellen Lust forskar i dag på politisk styring og deltaking i Midtausten og Nord-Afrika.
Ønske frå øverste politiske hald
Tilsettinga av Ellen Lust har god gjenklang hos den svenske regjeringa, som har bedt Vetenskapsrådet arbeide for at fleire internasjonale toppforskarar skal etablere seg i landet.
– Ho er ein forskar med brei kunnskap om den politiske utviklinga i den arabiske verda. Vi er svært glade for å kunne bidra til rekrutteringa av ein forskar som kjem til å få stor innverknad for svensk forsking på Midtausten og Nordafrika-regionen, seier Sven Stafström, generaldirektør ved Vetenskapsrådet til nyheitsnettsida ved Universitetet i Gøteborg.
Ellen Lust har vore tilsett ved Yale sidan 2000. Ho har ei omfangsrik publiseringsliste, og ho har leia tverrfaglege forskingsprosjekt i statsvitskap, sosiologi, økonomi og antropologi. Ho har også gjennomført fleire feltarbeid og opinionsundersøkingar i Egypt, Jordan, Libya, Tunisia, Marokko, Palestina og Syria.
Rekrutterina av Ellen Lust er universitetet si andre stjernerekruttering på kort tid. Tidlegare i år meldte Vetenskapsdårdet at universitetet blei tildelt 118 millionar kroner for å tilsette professor Patrik Rorsmann som har vore tilsett ved Oxford Centre for Diabetes, Endocrinology and Metabolism.