Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm valde den erfarne universitetstoppen Tore Tungodden som høgre hand.
Tungodden har allereie fungert i stillinga sidan våren 2014, då tidlegare universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken gjekk av etter ei konflikt med rektoratet og andre i universitetsleiinga.
– Eg er glad for at vi no har fått på plass ein svært kompetent assisterande universitetsdirektør, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm i ei pressemelding.
– Tore har mange års erfaring frå å jobbe med universitetsleiinga, og har vore tilsett både ved institutt, fakultet og forskingsinstitutt. Få kjenner verksemda og sektoren vår betre enn han, seier Bernstrøm.
– Eg vil takke for tilliten. Universitetet er ein av dei mest interessante arbeidsplassane vi har. Det er få andre steder ein finn så mykje spisskompetent, markant faglig dyktighet. Det gjelder både på fagleg og administrativ side, seier Tungodden.
Den nye assisterande universitetsdirektøren var tidlegare avdelingsdirektør og og underdirektør ved universitetsdirektørens kontor. Han har òg vore tilsett som administrasjonssjef ved Rokkansenteret, kontorsjef ved Institutt for medievitskap, studiekonsulent og assisterande fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet, samt redaksjonssekretær i avisa Nordhordland.
På Høyden kjem tilbake med meir.