Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er ei stor ære for oss å ta imot vår diplom her i dag, i Håkonshallen sitt 750. år. Vi har lagt ned eit stort stykke arbeid over lang tid, for å komme hit vi er no. Vi har gjennomført den høgste formelle utdanninga ein kan ta i samfunnet vårt. Etter eit langt og utfordrande hinderløp, har vi endeleg passert målstreken.
Det er ei stor ære for oss å ta imot vår diplom her i dag, i Håkonshallen sitt 750. år. Vi har lagt ned eit stort stykke arbeid over lang tid, for å komme hit vi er no. Vi har gjennomført den høgste formelle utdanninga ein kan ta i samfunnet vårt. Etter eit langt og utfordrande hinderløp, har vi endeleg passert målstreken.
Vi gledar oss no over kjensla av å ha fullført. Og den kjensla skal vi ta med oss. Men vi er samtidig klar over at det vi har fullført, er ei utdanning. Ei utdanning som vi no må bruke til å engasjere oss vidare. Kunnskapen og kompetansen vår må vidareutviklast, og vidareformidlast til dei som kan bruke den til nytte for fellesskapet. Den store samfunnsnytten i det akademiske arbeidet vårt, er vi nok ikkje alle like overbevist om. Vi tenker gjerne at vi berre har bidratt med ein liten bit i et enormt puslespel. Vi kan ha tenkt at vi har studert noko som berre eit fåtal interessar seg for, og med liten direkte nytteverdi. Men det er ikkje berre sjølve resultata av forskinga som er viktige. Resultatet av det å forske, det å utdanne seg, er kanskje vel så viktig. Vi har satt oss grundig inn i våre forskingsfelt, og blitt kjent med relevant kunnskap langt utover våre eigne funn. Vi er no ekspertar på våre felt, og ikkje berre med teoretisk kunnskap, men også fordi vi har tileigna oss vitskaplege verktøy. Med vår bakgrunnskunnskap og kjennskap til forskingsmetodar, vil vi ha ei viktig rolle i samfunnet med å vurdere og nyansere vitskapleg informasjon. Ei anna viktig rolle er å lære opp nye forskarar, gjennom undervisning og rettleiing. Slik vil vi bidra til å styrke den faglege kompetansen ved Universitetet, i byen vår, i landet vårt, og internasjonalt. Arbeidet vi har lagt ned, og kompetansen vi har fått, er ei investering i framtida, ikkje berre for oss sjølve, men også for samfunnet. Spesielt viktig er det at vi har tilegna oss eigenskapar som er med å fremme eit sterkt demokrati. Den formelle og sosialt forankra utdanninga har gjort oss mindre fordomsfulle og forutinntatte, meir reflekterte, meir audmjuke, og meir opne for nye idear. Vi har også utvikla våre evner til samarbeid og kommunikasjon. Dette er kvalitetar som er med på å skape eit sunt demokratisk samfunn. Vitskapen sin frie, opne og saklege debatt er viktig for å ha eit tolerant samfunn og for å møte og moderere fanatisme. Eg vil kome med ei oppfordring. La oss vise oss i det offentlege rom, og ta del i samfunnsdebatten. Med den respekten vi no nyt, med ei doktorgrad, har vi spesielt høve til det. La oss stille opp når vi blir spurt, og oppsøke moglegheitene. Sosiale media har fått ei betydeleg rolle. Men mykje av det som diskuterast i fora på internett kan ha liten fagleg tyngde – likevel stor kraft. Ved å vere synlege i det sosiale mediebildet, kan vi bidra til å nyansere diskusjonane, og til å utfordre tvilsame påstandar. La oss spesielt inspirere til ein vitskapleg innfallsvinkel, snarare enn å tenke at vi sit med det endelege svaret. Som doktor har vi altså ei viktig rolle i samfunnet framover. Men når det er sagt, skal vi i dag først og fremst glede oss over den jobben vi allereie har lagt ned. På vegne av alle nye doktores takkar eg Universitetet i Bergen. Vi takkar våre rettleiarar og institutt, for å ha tilrettelagt for oss, og gjort det praktisk mogleg å gjennomføre doktorgradprogrammet. Det ligg svært mykje kvalitet i miljøa vi har vore ein del av. Vi takkar våre kollegaer for å ha bidratt til eit triveleg sosialt miljø, til konstruktiv diskusjon og med praktisk og moralsk støtte. Og sist, men ikkje minst, takkar vi familie og vener for støtta, tålmodet, og omsorga. Gratulerer alle saman!