Rektor Dag Rune Olsen er på jakt etter ein ny rådgjevar på Muséplass.

48 vil bli rektor sin rådgjevar

Publisert

29 kvinner og 19 menn har søkt på stilinga som førstekonsulent ved rektor sitt kontor. 

Førre veke gjekk søknadsfristen til stillinga som rektor sin rådgjevar ut. 48 personar har søkt på jobben. (Sjå lista nedst i saka) 

– Eg er veldig fornøgd med at så mange har søkt, seier rektor Dag Rune Olsen. 

Tommy Aarethun har vore tilsett som vikar i stillinga i 1, 5 år - men var ikkje aktuell for den faste stillinga, då han takka til ei rådgjevar-stilling hjå byrådsleiar Harald Schjelderup. 

Fleire studentpolitikarar har søkt

Fleire UiB-studentpolitikarar har søkt på stillinga. Tidlegare nestleiar i Studentparlamentet, Svein-Martin Stenseth, leiar av Humanistisk studentutval, Fredrik Kolstad Rongved og tidlegare universitetsstyremedlem, Thea Sofie Grastveit, står mellom andre på søkarlista.

Det gjer også Jin Mæland, som var studentrepresentant i Universitetsstyret fram til juni. Han heldt no på med å fullføra ei mastergrad i medievitskap.

– Eg har først og fremst søkt fordi eg ønsker å bidra til å vera med å forma bodskapen til UiB, og støtta opp under dei planane som er lagt til no. Både når det gjeld strategi og handlingsplanar, seier Mæland (bildet) - og legg til:

– Det verkar som ein ekstremt spennande og utfordrande jobb. Det er ikkje så mange jobbar ein har moglegheit til å søka på som nyutdanna kor ein kan koma så nær ei stor og god leiing.

– Korleis vil du ta med deg erfaringa frå universitetsstyret viss du får jobben?

– Viss eg skulle få stillinga trur eg det vil vera veldig nyttig å ha vore med i styret. Eg har med meg litt av den historiske forståinga og vore med på å vedta ein del av desse planane. Det gjev meg god innsikt i kva tankane og diskusjonane bak vedtaka var. Eg vil tru at det gjer at eg kan komma raskare i gong med jobben.  

Håpar på rask avklaring

Tommy Aarethun slutta i jobben 1. august - og rektor ønsker å få ein ny person på plass så raskt som mogleg. 

– Me får hjelp frå kommunikasjonsavdelinga no i ein overgangsperiode. Eg vil helst ha vedkommande på plass så raskt som mogleg naturlegvis, me det kan vera søkarar som sit i sitllingar med oppseiingstid - og det må me forhalda oss til, seier Olsen. 

Han seier dei vil byrja med intervjurundar relativt raskt.

– Me håpar å landa tilsettinga i løpet av dei neste fjorten dagane. 

Søkarliste: 

  • Hilde G. Røen (24) Ekstrahjelp Café, Bergen
  • Dag morken (45) Arbeidssøkende, Bergen
  • Carina Linde Wisnes (28) student, Bergen
  • Andre Eide Larsen (25) arbeidssøker, Bergen
  • Bernt-André Lien (41) Innkjøper, Frekhaug
  • Tomas Javorik (34) Selvstendig, Ulvik
  • Fanny Valen (25) Student og vitenskapelig assistent, Hordaland
  • Marie Storheim Grongan (25) Nordisk prosess- og produktspesialist, Surrey
  • Trond Veland (46) Instruktør, Bergen
  • Elise Løvereide (26) Journalist, Bergen
  • Fredrik Kolstad Rongved (25) Leder av Humanistisk Studentutvalg, Hordaland
  • Sergei Kapustin (33) Ingeniør, St. Petersburg
  • Aina Holmefjord (25) Lærer og butikkmedarbeider, Fusa
  • Joakim Ziegler Gusland (36) Museumspedagog, Bergen
  • Bente Jøssang (33) Ingen, Bergen
  • Philipp Reinhardt (29) part time, Hordaland
  • Svetlana Sorokina (32) Universitetet i Bergen, Geofysisk institutt, Postdoktor innen klimadynamikk. Bergen
  • Ingrid Annette Skogstad (33) Kundekonsulent, Bergen
  • Elin Manger Rørosgaard (27) Pleieassistent, Bergen
  • Konstantinos Voulgaris (29) Jobseeker, Piraeus
  • Sissel Waagen (44) Arbeidssøker, Bergen
  • Ida Mathilde Sandnæs (24) Nyutdannet, Bergen
  • Benedicte Follestad (29) Servicemedarbeider, Bergen
  • Ingrid H. Rekkavik (25) Arkeolog, Bergen
  • Elisabet Arefjord (41) Bergen kommune, Bystyrets kontor Bergen
  • Jin Sigve Mæland (29) Student, Hordaland
  • Marie Aune (26) Selger hos Dressmann og Kunderådgiver hos SPV. Bergen
  • Birte Valkyrje A. Rolland (27) Arbeidssøkar, Stord
  • Isabelle Hugøy (27) Sesongbasert servitør, Bergen
  • Linnea Reitan Jensen (27) Førstekonsulent, Bergen
  • Henriette Munthe-Kaas (33) Markedskoordinator i Noryards AS, Bergen
  • Ingrid Hovstad (23) Student, Fitjar
  • Vebjørn Granum Kjersheim (24) Arbeidssøkende/student, Bergen
  • Andreas Hjorth Røen (33) Teamleder abonnement Fiskeribladet AS / IntraFish Media AS, Bergen
  • Kari Fauskanger (57) Arbeidssøker, Bergen
  • Thea Sofie Grastveit (25) Arbeidssøkende, Bærum
  • Karina Vik (27) Student, Fjaler
  • Svein-Martin Stenseth (28) Nestleiar Studentparlamentet UiB, Bergen
  • Olav Hugk Lohne (58) lektor, Bergen
  • Marius Ole Johansen (27) Eiendomsforvalter, Bergen
  • Harald Tronstad (60) Arbeidssøker, Stranda
  • Tor Einar Grønningen (26) Student, Bergen
  • Pål Adrian Clausen Ryen (29) Arbeidssøker, Oslo
  • Mona Machrouh (24) Bjørklund Horisont, Hordaland
  • Elin Espe Stensvand (29) Seniorkonsulent hos HVL, Bergen
  • Nina Bergheim Dahl (31) Studiekonsulent, Institutt for sosialantropologi, UiB, Bergen
  • Mari Skåra Helliesen (27) Vitenskapelig assistent, UiB, Bergen
  • Britt Kristin Ese (31) Deskmedarbeider, UiB, Bergen

 

Powered by Labrador CMS