Rektordebatt på student-tv

Publisert

Torsdag inviterte Bergen Student-tv og Studentersamfunnet dei tre rektorkandidatane til fjernsynsdebatt. Opptaket av debatten blir sendt søndag kveld, og UiB-demokratiet har dermed teke steget inn i fjernsynsalderen.

Det var ikkje heilt som dei berykta tv-debattane mellom amerikanske presidentkandidatar, men årets rektorvalkamp er nok likevel meir omfattande enn dei tre kandidatane hadde rekna med på førehand.

– Kva er eigentleg skilnaden mellom deg og dei andre kandidatane? ville programleiar Kristian Ervik vite frå rektorkandidat Sigmund Grønmo.

– Som sosiolog har eg studert politiske skiljeliner, og eg har funne fem hovudskilnader mellom meg og dei andre kandidatane: Eg ønskjer ein kritisk gjennomgang av Kvalitetsreforma. Eg ønskjer å utvide og styrke rektoratet. Eg legg opp til ei gjennomdrøfting av forskingsorganiseringa ved UiB. Eg vil etablere ein eigen viserektorstilling for internasjonale relasjonar, og eg ønskjer å vere tilstades i den offentlege debatten om kva universitetet skal vere, oppsummerte Grønmo.

Vil ha handling

– Vi vil vere eit handlande, og ikkje eit utreiande, rektorat. Vi treng ikkje fleire avløna personar i sentralleiinga. I staden vil ha nær kontakt med grunnmiljøa, og arbeide for å trekkje studentane meir inn i forskingssamarbeidet, parerte Rune Nilsen.

Heller ikkje Leiv Sydnes var oppglødd over tanken på ein ekstra viserektor for internasjonale relasjonar:

– Internasjonalisering kan ikkje skje separat, men som ein integrert del av det daglege arbeidet, meinte han.

Grønmo viste til at eit sterkt rektorat vil vere eit uttrykk for handlekraft.

– Ein viserektor for internasjonale relasjonar viser at vi vil gje dette området eit løft. Eit slikt utvida rektorat som vi legg opp til, er dessutan ein vanleg leiingsmodell ved leiande universitet i andre land, hevda han.


Rett til utdanning

Programleiaren ville også ha greie på kandidatane si meining om studentrekruttering til UiB.

– Eg trur vi kanskje har nådd taket på kor mange studentar vi bør ta opp ved UiB. Det viktige er at dei studentane som kjem hit, skal vite kva dei går til, og dei skal vere skikka til å gjennomføre det. Vi kan ikkje leve i eit samfunn med berre akademikarar, og ingen røyrleggjarar. Vår oppgåve må vere å få fatt i dei studentane som er skikka, og gje dei beskjed om kva dei kan forvente av eit studium ved UiB, sa Sydnes.

– Utdanning er eit allment gode, og ei grunnleggjande offentleg oppgåve. Dei studentane som kjem til oss, skal få det beste, men dei må også yte sitt beste. Forsking er grunnlaget. Vi må tilby god forskingsbasert undervising for at studentane skal velje å kome til oss, meinte Nilsen.

– Utdanning skal vere ope for alle som oppfyller krava til studiekompetanse. Ved nokre fag vil det vere relevant å krevje eit spesielt fagleg grunnlag, og andre gonger vil kapasitetsproblem gjere det nødvendig å sette grenser for kven som kjem inn. Men då skal søkjarane vite på førehand kva dei har å halde seg til, sa Grønmo.


Usamde om kvalitetsreforma

Dei tre rektorkandidatane var samde om at innføringa av Kvalitetsreforma har gått litt fort i svingane, og at obligatorisk undervising ikkje skal brukast utan at det er fagleg nødvendig. Men medan Sigmund Grønmo legg opp i ei kritisk gjennomgang av reforma i sitt program, meinte dei andre at ein omkamp om reforma ikkje er ei god løysing.

– Fagmiljøa kan ta avgjerder om slikt som bruk av obligatorisk undervising på eiga hand, utan at det treng utreiast. Vi har etablert evalueringsregime ikring oss som kan fange opp uheldige konsekvensar av dette, meinte Sydnes.

– Kvalitetsreforma er her. Det er den daglege utviklinga vi må tenkje på: At gradene vi produserer skal vere noko verd, og at vi gjennom forskinga vår skal bli lagt merke til internasjonalt, sa Nilsen.

Debatten blir sendt på TV Norge søndag kveld klokka 23:15.

Powered by Labrador CMS