Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kandidatane som så langt har meldt seg i rektorvalkampen, har tatt i bruk Facebook som eit medium for å nå ut med sin bodskap. Sigmund Grønmo har både eiga side og eiga supporterside med 83 innmeldte fans.
Kandidatane som så langt har meldt seg i rektorvalkampen, har tatt i bruk Facebook som eit medium for å nå ut med sin bodskap. Sigmund Grønmo har både eiga side og eiga supporterside med 83 innmeldte fans. Grønmo oppretta si supporterside i samband med rektorvalet. – Det viktigaste for meg er å gje så mange som mogleg høve til å komme med innspel, kommentarar, forslag og synspunkt, og kva som er viktig for rektoratet å gjere for UiB dei kommande fire åra. Dette er generelt eit opplegg for åpenhet og for å bidra til engasjement i ein viktig rektorvalkamp, seier Grønmo. Grønmo kommenterer sjølv på sida på dei sakene han synest det kan vere interessant for folk å få ein kommentar. Rolf Reed, Lise Øvreås og Ernst Nordtveit har så langt ikkje laga seg ei supporterside, men alle er inne med sine eigne sider. Rolf Reed ønsker ikkje å kommentere sin bruk av Facebook. Ernst Nordtveit fortel at dei tre i laget til Reed har gått ut på Facebook for å møte folk i dette mediet. – I første omgang har me blitt meir aktive, om me oppretter ei supporterside er ikkje heilt klart enno, seier Ernst Nordtveit til På Høyden.