Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Paleoklimatolog Ulysses Ninnemann ved Bjerknes-senteret er tildelt ei stor løyving frå det amerikanske Comer-fondet. Pengane skal brukast til forsking på fortidas klima på den sørlege halvkula.
Millardæren Comer har oppretta eit nettverk av framifrå klimaforskarar som han støttar med midlar. No er Ninnemann, førsteamanuensis i paleoklimatologi ved Institutt for geovitskap, tildelt 100.000 dollar kvart år i tre år for å forske på klimaendringar på den sørlege halvkula.
Ferske teoriar går ut på at klimaet både i tropene og på den nordlege halvkula kan vere sterkt influert av prosessar i sør. Forskingsgruppa til Ninnemann fokuserer på det søraustlege Stillehavet vest for Chile, der ein har få data og rekonstrukasjonar frå før. Som einaste skandinavisk-baserte forskar i den 25 mann store internasjonale gruppa som har fått støtte frå Comer-fondet, har Ninnemann ein unik sjanse til å profilere norsk klimaforsking og Bjerknes-senteret.
Dei største og sterkaste havstraumane i verda finst i havet kring Antarktis. Desse havstraumane verkar på heile det globale klimaet, men svært lite er kjent om desse områda. Forskarar har stort sett vore opptekne av dei nord-atlantiske havområda, der klimautviklinga har vore godt kartlagd. Ninnemann og hans kollegaer har no vist at havet ved Antarktis også endrar seg dramatisk med globale klimaendringar. No skal dei halde fram med å definere meir presist korleis sirkulasjonen i sørhavet var i fortida, og korleis det har verka på det globale klimasystemet.
Det var på ein kongress sist sommar i Nevada at Ninnemann la fram tidlege resultat frå forskinga si, og med det vekte Comer-fondet si merksemd. Fondet støttar forsking på brå klimaendringar.