Riksrevisjonen kritiserer arbeidsavtale

Publisert

I Riksrevisjonen (RR) sin rapport til Stortinget stiller ein spørsmål ved Kunnskapsdepartementet si handtering av UiB si avtale med Bergen medisinske forskningsstiftelse (BMFS). Kunnskapsdepartementet meiner alt er på det reine.

I Riksrevisjonen (RR) sin rapport til Stortinget stiller ein spørsmål ved Kunnskapsdepartementet si handtering av UiB si avtale med Bergen medisinske forskningsstiftelse (BMFS). Kunnskapsdepartementet meiner alt er på det reine.

Det er i rapporten ”Kunnskapsdepartementets forvaltning og gjennomføring av budsjettet for 2008” at kritikken vert reist.
Arbeidsforholdet mellom tidlegare direktør Kåre Rommetveit og Universitetet i Bergen er eit av fleire punkt RR tar opp, og det einaste som gjeld UiB.

Kåre Rommetveit fekk ny stilling som direktør ved Bergen medisinske forskningsstiftelse frå og med 1.2.2009. Det vart inngått avtale mellom Universitetet i Bergen og BMFS om at universitetet skal dekka kostnadene i samband med den nye stillinga. Styret ved UiB ga i møte 29.1.09 sin tilslutning til avtalen som varer til juni 2015.
I vinter inngjekk UiB og BFMS ei avtale der stiftinga overtok arbeidsgiveransvaret med tilhøyrande økonomiske forpliktingar. Rommetveit vart tilsett i ein nyoppretta stilling som direktør for stiftinga, som han tidlegare var forretningsførar for. Rommetveit mottek kring 900.000 kroner i løn, samt honorar for forretningsføring. Avtalen mellom UiB og Rommetveit gjeld fram til Rommetveit vel å seia opp, seinast i 2015, alt i følgje rapporten.

Stiller spørsmål ved fullmakt
RR påpeiker at UiB sitt arbeidsgjevaransvar dermed er opphøyrt, men at ein framleis er økonomisk forplikta gjennom dei økonomiske utbetalingane til stiftinga. RR etterlyser heimel for at Kunnskapsdepartementet kunne godta ein avtale som varer i fleire år.

”Riksrevisjonen stiller derfor spørsmål ved om departementet har fullmakt til å godkjenne denne avtalen. Riksrevisjonen stiller også spørsmål ved om departementet med utgangspunkt i Stortingets vedtak og forutsetninger, kan forsvare slike økonomiske disposisjoner overfor en konkret stiftelse” kan ein lesa i rapporten.

RR er også kritiske til at det ”(…) ikke foreligger verken instruks for den nyopprettede direktørstillingen eller krav til rapportering som motytelse for midlene som stilles til disposisjon”.

– Personalsak
Kunnskapsdepartementet opplyser i rapporten at ein har vore i jamnleg dialog om saka, og konkludert med at avtalen er innafor UiB sine fullmakter. Avtalen skal ikkje vera ikkje i strid med Stortinget sine vedtak. Departementet meiner også at avtalane som er inngått ikkje krevjer godkjenning frå departemental side.

”Dette gjelder en personalsak der departementet har lagt til grunn at det er Universitetet i Bergen, som arbeidsgiver, som selv må foreta de konkrete hensiktsmessighetsvurderingene” meiner Kunnskapsdepartementet.

Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken ønskjer ikkje å kommentera rapporten, som skal leggjast fram for Stortinget.
– Riksrevisjonen sine kommentarar er retta til Kunnskapsdepartementet, og ikkje til oss. Det er ikkje opp til meg å kommentera dette, seier Elvbakken til På Høyden.

Powered by Labrador CMS