Ringdal skal leia Iris

Publisert

Ole Ringdal går frå stillinga som dekan ved Universitetet i Stavanger til å verta administrerande direktør hos Iris.

– Eg gler meg til å arbeida saman med dei høgt kompetente og entusiastiske medarbeidarane hos Iris, seier Ole Ringdal til Iris sine nettsider.

Bakgrunn frå UiB
Forskingsinstituttet får ny leiar frå 15. september. Iris (International Institute of Stavanger) forskar særleg på petroleum, fornybar energi, marine miljø og bioteknologi, og er eigd av Universitetet i Stavanger og Rogalandsforskning.

Ringdal kjem frå stillinga som dekan ved Det teknisk-vitskapelege fakultet ved Universitetet i Stavanger. Men han er utdanna frå UiB – Ringdal har hovudfag og doktorgrad innan biologi og kjemi. Han har bakgrunn frå både industrien og akademia.

– Vil styrka samarbeidet
– Styret i Iris er svært nøgde med å få Ole Ringdal som toppleiar, seier styreleiar Ingvald Løyning.

UiS-rektor Marit Boyesen seier til universitetet sine nettsider at ho synest det er leitt at Ringdal ikkje lenger skal arbeida ved universitetet.

– Men me ser fram til å samarbeida med han som Iris-direktør. Dette vil styrka samarbeidet mellom universitetet og forskingsinstituttet, seier Boyesen.

Dekan-stillinga vil verta lyst ut like over sommaren.

 

 

Powered by Labrador CMS