Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei sa ikkje ja til å verta forska på. Likevel brukte UiB opplysningane deira i eit forskingsprosjekt. No varslar Datatilsynet bot.
På 1990-talet vart mange hordalendingar inviterte til å vera med i Helseundersøkelsen i Hordaland. Mange takka nei til å delta, men no viser det seg at dei likevel har vorte forska på. Svært personlege forhold om trygdeytingar, psykisk helse og annan informasjon er brukt i eit forskingsprosjekt ved UiB, skriv Bergens Tidende i dag. Folkehelseinstituttet ga ut Juridisk direktør i Datatilsynet, Kim Ellertsen, seier til BT at når ein institusjon får eit spesielt løyve til å behandla personopplysningar, har han ansvar for at opplysningane ikkje vert brukt til anna enn den som er avtalt. Det var Folkehelseinstituttet som delte ut opplysningar om både dei som hadde sagt ja til å vera med i undersøkinga og om dei som ikkje ønska å delta. Men sidan det er UiB som har fått konsesjon, er det universitetet som har hovudansvar for det ulovlege som har skjedd, meiner Datatilsynet. Dei vil no gi UiB eit gebyr på 250.000 kroner. Bakgrunnen er at tilsynet konkluderer med at det som har skjedd «i stor grad krenker personvernet til de enkeltpersoner som opplysningene knytter seg til». Rektor ser alvorleg på saka – Det er gitt beskjed om at all vidare bruk av datamateriellet skal verta stansa. I tillegg går me gjennom rutinane våre for å sikra ei forsvarleg handsaming av forskningsdata i våre fagmiljø, seier Grønmo.
I 2004 fekk universitetet konsesjon frå Datatilsynet til å forska på trygdemottakarane sine helseforhold og økonomi.
Rektor Sigmund Grønmo ser svært alvorleg på saka. Han seier til BT at leiinga ved universitetet vart kjende med saka då brevet frå Datatilsynet kom.