Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den nye forskings-ROV‘en til Universitetet er ferdig bygd, og blir no testa ut ombord på forskingsskipet GO Sars. Professor Rolf Birger Pedersen kan knapt vente med å få tatt vidunderet i bruk.
ROV‘en (remotely operated vehicle), eller fjernstyrt undervassfarkost, er del av den nasjonale forskingsinfrastrukturen, og har blitt bygd etter at UiB fekk 46 millionar kroner frå Forskingsrådet til prosjektet.
Namnet blir Ægir 6000, oppkalt etter ein norrøn havjotne, og med kapasitet til å dykke ned til 6000 meter er det berre djuphavsgropene i Stillehavet forskarane no ikkje kan nå ned til.
Ægir er en <<arbeidsklasse>> ROV, av same type som blir brukt i mellom anna oljeindustrien. og har mellom anna to kraftige arbeidsarmar, som kan ta prøver, utplassere ulike typar forskingsutstyr på havbotnen, og gjere avanserte arbeidsoperasjonar.
I vår vil Ægir bli tilpassa og montert ombord i GO Sars, før det første toktet i juni.
Sjå korleis ROV‘en fungerer i videoen.