Ryddar opp i Haukelandsbakken

UiB vil ikkje lenger drifte parkeringsanlegget i Haukelandsbakken aleine. Også Høgskulen i Bergen og Helse Vest må ta sin del av rekninga.

Parkeringsanlegget i Haukelandsbakken er ein eldre bygning som vart ytterlagare påbygd då Bygg for biologiske basalfag (BBB) opna hausten 2002. I parkeringsanlegget har det vore 161 parkeringsplassar for UiB, Høgskulen i Bergen har disponert 65 parkeringsplassar, medan Helse Vest har hatt 5 parkeringsplassar.

Rassikring og vedlikehald
UiB har teke alle kostnader knytt til drift og vedlikehald. Det har mellom anna vore utført større arbeid for å drenere og sikre området mot ras. I tillegg har bomanlegg og grøntanlegg krevd ettersyn og vedlikehald, noko UiB har teke seg av.

No ynskjer Eigendomsavdelinga ved UiB at Helse Vest skal overdra arelaet der parkeringsanlegget står til UiB.  Dermed kan også Høgskulen i Bergen og Helse Vest vere med og dele på rekninga. I eit brev til Statsbygg ber Eigendomsavdelinga om at skøytet vert overført til Staten v/Universitetet i Bergen, slik det tidlegare var avtalt.

– Vi vil no rydde opp i ting som skulle vore formaliserte for lenge sidan, seier eigendomsdirektør Even Berge til På Høyden.

Vil dele på rekninga
Statsbygg er den formelle eigaren av parkeringsanlegget.

– Vi vil ta over anlegget, og gje disposisjonsrett til dei andre, slik opprinneleg avtalt.  Vi vil då ha høve til å fordele drift og kostnader knytt til vedlikehald, seier eigendomsdirektør Even Berge til På Høyden.

– Det har ikkje vore dei store pengane, men det er no litt. Eg reknar med at det straum og brøyting kostar mellom 40 000 og 60 000 kroner i året. Bygget vil òg trenge ein del vedlikehald i framtida, seier Even Berge.

– Dette skulle ha vore i ryddige former for lenge sidan, seier eigendomsdirektør Even Berge.

Powered by Labrador CMS