Samarbeid og nysteikte vaflar

Slik har Institutt for informatikk fått studentane til å trivast. I dag fekk instituttet pris for beste læringsmiljø.

 

Pinar Heggernes og Steinar Heldal frå Institutt for informatikk er svært nøgde med å ha fått studentane med på å skape eit godt miljø på instituttet. 

For tre år sidan var fråfallsprosenten høg på Institutt for informatikk. Ein urovekkande stor del av dei som starta å studere her, valte å søke seg over til andre fag eller å droppe ut av utdanninga.  Instituttet mangla både lesesal og ein arena der studentane kunne skape eit miljø og føle at dei høyrde til.

Opne dører
Så bestemte dei seg for å gjere noko med læringsmiljøet.
– Vi har gjort eit stort haldningsarbeid på instituttet. Vi har vorte meir bevisste på at studentane skal oppleve at vi har opne dører og lave tersklar, seier Steinar Heldal, studieleiar ved instituttet.

Pinar Heggernes er stedfortredande instittuleiar. Ho er svært nøgd med at studentane ser ut til å trivast på instituttet i Høgteknologibygget. Tidlegare sat studentane og las i Hangaren i Realfagbygget. For seksk år sidan fekk Institutt for informatikk fekk sin eigen lesesal. Dei siste tre åra har studentane fått ansvaret for korleis lesesalen skal fungere. Og no vel fleire å tilbringe heile studiedagen på instituttet.

Stolte av å høyre til
– Då den fysiske avstanden forsvann vart det lettare. No har vi fått aktive studentar som fortel kva ynskjer dei har, og vi opplever å ha ein god dialog med dei. Trivselen er betre, seier Pinar Heggernes, og legg til:

– Eg trur vi har klart å skape ei ærekjensle av å høyre til på instituttet.

Har tilsett Dataorakel
Det er fagutvalet på instituttet som har nominert instituttleiinga. Fagutvalet løftar mellom anna fram tenesta Orakelet, som ein gong i veka hjelper studentane med vanskeleg programmering og pc-relaterte spørsmål. Samt byr på nysteikte vaflar.

- Tilsette går òg gjerne ned ein tur for å stille eit spørsmål og ta ein vaffel, seier Pinar Heggernes.

- Ved semesterstart seier vi til studentane at det å kome hit gjev eit fagleg utbytte i seg sjølv. Ikkje sit på hybelen, kom heller hit på forelesingar og møt medstudentar på lesesalen etterpå. Bli med på programmeringstrening og pizza. Ein plukkar opp mykje ved å vere til stades i eit studentmiljø.

Fråfallet halvert
I grunngjevinga står det at instituttet har fått prisen for å ha identifisert konkrete utfordringar i læringsmiljøet, og lagt opp ein plan for korleis dei kunne betre dette. Dei har sett inn faglege, menneskelege og økonomiske ressursar for å gje instituttet eit kraftig løft. Instituttet får ros for å ha støtta studentreiser til konferanser, arrangert felles julebord for tilsette og studentar, samt for å ha skapt ein lesesal som kan nyttast til sosiale formål.

Og planen har nytta. Frå 2009 til 2011 vart fråfallet halvert. Fleire nye studentar kjem til. Og fleire enn tidlegare søker seg til master.

– Vi involverer studentane, og samarbeider i alle saker der det er aktuelt og relevant. Vi ser på dette som ein absolutt vinn-vinn-vinn-situasjon, seier Steinar Heldal.

Omsorg for studentane
Han fortel at ein stor del av studentane ved instituttet er unge, og ofte har kort fartstid i høgare utdanning. Dette fordrar at dei tilsette er bevisste på å komme studentane ekstra godt i møte.

– Studentane skal aldri føle at vi ikkje grip fatt i problema deira. Vi kan ikkje alltid løyse alt her på instituttet, men vi kan rettleie dei vidare til nokon som kan hjelpe dei.

Prisar godt miljø
Universitetet i Bergen sin læringsmiljøpris vart fyrste gong delt ut i 2008. Prisen skal vere ei påskjøning til eit miljø eller enkeltpersonar som lukkast i å legge forholda spesielt godt til rette for læring gjennom fagleg, pedagogisk og sosial innsats eller ved å tilrettelegge det fysiske og psykososiale læringsmiljøet. Tidlegare har prisen gått til Jan Reinert Karlsen og Roger Strand ved Senter for vitenskapsteori, Institutt for filosofi og førstesemesterstudier og Institutt for biologi.

–  Korleis skal de bruke dei 50 000 kronene de har vunne?

– Først vil vi sette ned ein komité med representantar frå instituttet og frå studentane. Så kjem vi til å sende ut invitasjon til alle, der det er fritt fram for å kome med framlegg om korleis pengane skal nyttast. Det kan vere både framlegg om tiltak og innkjøp. Vi vil ha studentane med på råd.

 

Powered by Labrador CMS