Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB, Helse Bergen og Havforskingsinstituttet vil opprette eit felles selskap for teknologioverføring før årsskiftet.
Universitetsstyret godkjende etableringa av selskapet i styremøtet 25. november. Selskapet har førebels fått namnet Bergen Teknologioverføring AS (BTO AS). BTO AS skal arbeide aktivt med å fremje ein kommersialiseringskultur hjå dei tilsette, koordinere kommersialiseringsprosessen administrativt, registrere prosjekt og avklare ”Intellectual Property Rights” (IPR).
Gjennom lova om oppfinningar gjort av arbeidstakarar, har universitetet fått eit særskilt ansvar for å utnytte det potensialet som ligg i betre kommersiell utnytting av forskingsresultat. Når dei tre institusjonane slår seg saman om å etablere eit teknologioverføringsselskap, vil kvar institusjon ha eigedomsrett til oppfinningar gjort av sine respektive tilsette, men det skal etablerast eit sams regelverk for forvalting av IPR. Dersom andre forskingsinstitusjonar i regionen sluttar seg til dette IPR-regimet, kan BTO AS gjere avtaler om å selje tenester til desse institusjonane. I første omgang vil ein forhandle om slike avtaler med Høgskolen i Bergen, NIFES og Christian Michelsen Research.
BTO AS skal gå aktivt ut for å finne og vurdere moglege prosjekt som eignar seg for kommersialisering. Kontoret skal også arbeide med å sikre rettar ved kontraktforhandlingar, og med å skaffe forskingsmidlar til idear som kan ha kommersielt potensial. Ein reknar at halvparten av driftsmidla til BTO AS skal kome frå FORNY-programmet til Forskingsrådet.