Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet skal det no bli ein annan dans - og den heiter Samba. Samba er forkorting for «samarbeidsavtale for betre arbeidsmiljø» ved mat.-nat, og er ei samsatsing mellom fakultetet og HMS-avdelinga ved UiB.
– Vi kan alltid bli betre på HMS. Tidlegare har HMS-avdelinga mest kikka institutta i korta og sett til at reglementet blir etterlevd. No vil vi gå ut med meir aktiv støtte og rådgjeving, seier direktør ved HMS-avdelinga, Olav Vindedal. Det uttalte hovudmålet er at alle institutta skal oppfylle minimumskrava til systematisk HMS-arbeid. Dessutan skal aktiviteten dokumenterast, slik at ein kan få enklare rutiner og hente idéar frå kvarandre. Prosjektet starta med eit høyringsmøte i slutten av oktober, for alle institutta ved fakultetet. Etterpå får instituttet ein månads tid til kartleggjing av eigne behov, før det blir eit «dugnadsmøte» med HMS-avdelinga, og ein påfølgjande «dugnad» der planane skal settast ut i livet, i nært samarbeid mellom instituttet og HMS-avdelinga. Kva tiltak som skal iverksettast, vil vere opp til den enkelte eininga. – Målet er ikkje at det skal bli meir å gjere for institutta, men at rutinene skal bli enklare. Vi har lenge visst at det blir gjort mykje godt HMS-arbeid rundt på institutta, men vi har ikkje alltid visst akkurat kva som blir gjort. No skal vi få kartlagt kva institutta gjer, og lage felles handlingsplanar, seier HMS-koordinator ved mat.-nat, Tove-Lise Størksen.
Utgangspunktet for prosjektet er at UiB treng ein meir målretta, praktisk og systematisk innsats for arbeidsmiljøet, og HMS-avdelinga ønskjer å tilby ein tettare og meir dynamisk kontakt med einingane.
– Vi har valt å starte med mat.-nat. fordi dei på mange måtar har framstått som eit lokomotiv for HMS-arbeid. Når prosjektperioden er over, trur vi at fakultetet kan tilføre UiB viktig kunnskap og erfaringar, seier Vindedal.
I kø for å delta
– Vi var svært spente på kva mottaking prosjektet ville få, men det synte seg at institutta var svært positive. Dei sto nesten i kø for å melde seg på, fortel HMS-direktøren.
Sjølve arbeidet tek til komande veke, med eit møte med Institutt for mikrobiologi, som er første institutt ut.
– På dette første møte vil vi snakke litt om kva instituttet sjølv meiner er viktigast å arbeide med, og vi vil gje dei ei «verktøykasse» for grovkartleggjing av behov.
Dugnadsmånad
– I denne dugnadsmånaden vil det til dømes vere aktuelt å la bedriftslegen eller sjukepleiar oppsøkje folk på arbeidsplassen og laboratoriet og diskutere problem i tilknyting til arbeidet, istadenfor den tradisjonelle konsultasjonen på legekontoret. Sameleis vil vår fysioterapeut gå ut og sjå på slikt som lystilhøve og ergonomi. Vi vil også dekkje hygieniske tilhøve og strålevern, opplyser Vindedal.
Felles handlingsplan
Ho meiner det er naturleg at mat.-nat. satsar mykje på HMS-arbeid.
– Aktiviteten hos oss er veldig samansett, og viss noko går gale hos oss, kan det gå mykje galare enn mange andre stader. Vi har folk som arbeider med ulike kjemikalie, vi har mykje laboratoriearbeid og studentar gjer mykje arbeid i felt.
Prosjektperioden for Samba ved mat.-nat. varer ut 2004, og meininga er at dei andre fakulteta skal gjennom same prosess.
– HMS er ikkje noko som skal kome i tillegg til den daglege aktiviteten, det er noko ein må ha i bakhovudet med alt ein gjer. Vi tenkjer oss at vi skal rekkje over alle institutta på mat.-nat. i løpet av neste år, og så går vi laus på neste fakultet, seier Olav Vindedal.