Sametinget: eit stort politisk eksperiment

Publisert

– Sametinget driv nasjonsbygging innanfor nasjonalstaten Norge - til dels også utanfor. I denne mobiliseringa blir kravet om retten til naturressursane stadig sterkare. Som urfolk har samane også internasjonale rettar som kan koma i konflikt med norsk lov. Dei potensielle konfliktane dette fører med seg, har ikkje blitt tatt tilstrekkeleg på alvor verken i forskinga eller i politikken.

Dette seier Per Selle, seniorforskar på Rokkansenteret ved UiB. Saman med Bjørn Bjerkli har han redigert boka «Samer, makt og demokrati», som nyleg kom ut under Makt – og demokratiutreiinga sin skriftserie. Boka er eit unikt og inngåande studium av Sametinget som politisk system. Forfattarane, som har bakgrunn frå sosialantropologi, juss, filosofi, psykiatri, statsvitskap og medievitskap, drøftar mellom anna urfolk si stilling innan folkeretten og i EU-samanheng.

Kven skal bestemma over ressursane?

– Mange samar har tradisjonelt vore harde EU-motstandarar, fordi næringa deira har vore truga i eit slikt internasjonalt marknadsorientert system. No ser vi at stadig fleire blir EU-tilhengjarar. Når den norske stat først har vedkjent samane som urfolk gir dette internasjonale rettar, som andre minoritetsgrupper ikkje har. Dette opnar til dømes for variasjonar i arbeidsgivaravgifta i samiske område, trass i at dette i følgje EØS-avtalen allment ikkje er tillate. Slik kan folk og kommunar komme til å definere seg som samiske fordi det vil løne seg. Kriteria for å bli med i det samiske manntalet er objektivt svake - og opnar for at mange i nord kan definere seg inn om dei ønskjer det, seier Selle.

Før ferien vil Regjeringa levere ei innstilling om organiseringa av råderetten over naturressursane på Finnmarksvidda. Det er knytt stor spenning til innhaldet i denne og til kva rolle ein her ønskjer å tildele Sametinget..

– Vi snakkar her om store områder og store verdiar. Kven som skal bestemme over desse ressursane er etter mitt syn det viktigaste politiske feltet for tida, og burde vore meir diskutert, seier Selle.

I tillegg til dei openbare konfliktane mellom den norske stat og samane sine interesser, er det sjølvsagt også her konfliktar internt mellom samane, ikkje minst mellom fastbuande samar og reindrifta.


Ekspansivt system

Med opprettinga av Sametinget i 1989 står vi overfor eit politisk eksperiment utan sidestykke for tida, ifølgje Selle. Sametinget er på den eine sida eit statleg forvaltingsorgan, og på den andre sida eit folkevalt beslutningsorgan. Her vil alltid liggja ei spenning mellom desse svært så ulike rollane, der sterke krefter i det samiske samfunn arbeider for å styrkja Sametinget som folkevalt organ, ifølgje Selle.

– Sametinget er eit svært dynamisk, ekspansivt system, som vil krevje stadig meir makt. I overgangen frå eit rådgjevande organ til beslutningsorgan dukkar nye problemstillingar opp, som Norge må lære seg til å leve med på ein heilt annan måte i framtida, seier Selle.

– Samane driv nasjonsbygging, mest innanfor nasjonalstaten Norge, men også på tvers av den. Dei brukar nasjonale kjenneteikn, noko vi både ser i det vakre sametingsbygget, felles nasjonaldag, nasjonalsong, flagg og flaggdagar. Vi ser såleis konturane av ein moderne samisk nasjon, men dette vil sjølvsagt vere avhengig av kva som skjer i Norge i framtida fordi dei fleste samane lever her.


Mellom folk, marknad og stat

Sametinget står såleis i eit spaningsforhold mellom folk, marknad og stat. På den eine sida viser “Samer, makt og demokrati” at Sametinget slit med eit legitimitets - og demokratiproblem all den tid kvinnene utgjer ein minoritet på sametinget. På den andre sida er Sametinget pressa av ein stadig sterkare marknad. Dette dreier seg om både stor og liten politikk, det lokale og det globale, identitetsutfordringar, den moderne staten under press, internasjonal rettsutvikling og problem knytt til kommunal og regionalpolitikk. I eit slikt perspektiv stiller Selle seg noko uforståande til den manglande interessa for den nye samiske ålmenta i store deler av fagmiljøa.

– Sjølv Stein Rokkan som var nordlending og verdskjend på emnet sentrum-periferi og etnisk mobilisering, tok aldri opp det samiske i sitt arbeid. Ikkje eingong i ei fotnote. Men tida skulle vera mogen til det no, avsluttar Per Selle.

Powered by Labrador CMS