Samlar reknevitskapen

Publisert

Til sommaren blir reknevitskapen ved UiB samla på Matematisk institutt. Den nye gruppa får namnet Anvend og rekneorientert matematikk.

Gruppa blir til gjennom ei samanslåing av den eksisterande gruppa for anvend matematikk ved Matematisk institutt, og gruppa for numerisk analyse ved Institutt for informatikk.

– Det er eit generelt utviklingstrekk at fag og faggrenser endrar seg. At informatikken utviklar seg i rivande fart er noko alle veit, men det same skjer også innanfor matematikken, seier professor i informatikk, Tor Sørevik, som er påtroppande leiar for den nye gruppa.

Naturleg med samanslåing

– Det var beinharde matematikarar som Alan Turing og John von Neumann som la grunnlaget for informatikken på femtitalet. Dei første datamaskinene vart nytta til store utrekningar, og vart kalla elektroniske reknemaskiner. Det vi no assosierer med informatikk, kom til som spin-off-effektar etter at ein såg kva dei nye maskinene kunne brukast til. Samstundes heldt matematikarane fram med sine numeriske utrekningar, og dette har fått ein stadig større plass innanfor anvend matematikk. I dag er det få som programmerar så mykje som matematikarane. Såleis har numerikk-gruppa fått nærare faglege band til anvend matematikk, medan vi er meir framande for mykje av den ”nye informatikken”. Det kjennest difor naturleg å slå oss i hop no, forklarer han.

Institutt for informatikk sprang i si tid ut frå miljøet for anvend matematikk ved Matematisk institutt. Bakgrunnen var ulike faglege og ressursmessige prioriteringar, men dei siste åra har altså forskinga innanfor anvend matematikk og numerisk analyse nærma seg kvarandre på nytt. I 2002 gjennomførte Forskingsrådet ei internasjonal evaluering av norske matematikk- og informatikkmiljø, og konklusjonen her var dei to gruppene ville vinne på nærare samarbeid, og at oppdelinga av matematisk analyse mellom fleire grupper var svært uheldig. Evalueringa sette auka fokus på problem som allereie var til å kjenne på ved dei to institutta.


Vil betre rekrutteringa

– I tillegg kjem situasjonen for studentrekruttering. Den gongen ein framleis rekrutterte studentar til fakultetet og ikkje til studieprogram, hadde vi ein del studentar som sveva litt mellom matematikk og informatikk, og til slutt enda opp med numerisk analyse. No tvinger ein studentane til å velje retning heilt frå starten, og ingen elevar i vidaregåande skule tenkjer på reknevitskap i samband med informatikk. Vi opplever at rekrutteringsgrunnlaget vårt har tørka litt ut. Etter at vi no har brukt tid på å få til ei ny organisering, vil vi nytte den nye eininga til å marknadsføre det gode studietilbodet vi har, og utvikle nye, seier Sørevik.

– Det vi er opptekne av, er at den matematikken vi driv med, er fundamental i all naturvitskap. Matematikken har ei utruleg forklaringskraft, og ei kraft til å sjå innover i framtida. Med datamaskiner har vi verktøyet til å utføre det som før berre var teoretisk mogleg. Det er mykje vi ikkje får til, men grensene blir flytta heile tida, med kraftigare datamaskiner og betre metodar.


Høge ambisjonar

Trongen for kvantitativ modellering aukar på dei fleste vitskapsområde, og den nye gruppa set seg høge mål. I følgje den ferske strategiplanen skal gruppa bli det leiande norske miljøet innan anvend og rekneorientert matematikk, både på undervising og forsking. Gruppa har ambisjonar om toppkarakter ved neste internasjonale evaluering. Studentrekrutteringa skal styrkast, og forskinga skal dreie seg kring både metodeutvikling og bruksområde, i samarbeid med andre miljø ved UiB, i randsona og elles i regionen.

Sannsynlegvis skal gruppa mellombels lokaliserast i Godskes hus medan ein ventar på framtidig samlokalisering i Realfagbygget for heile Matematisk institutt.

Powered by Labrador CMS