Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Barnevernet bør inn på bana etter konfliktfylte samlivsbrot, seier Per Arne Rød. Men korleis barn har det etter at foreldra har gått frå kvarandre, vert ikkje undersøkt.
– Det hadde ikkje gjort noko om du fekk vekk ho der. Det sa eit av dei 18 barna Per Arne Rød intervjua i samband med doktorgradsarbeidet sitt, før barnet så nikka mot far sin nye kjærast. Før jul disputerte Rød ved HEMIL-senteret med «Barn i klem mellom foreldrekonflikter og samfunnsbeskyttelse». – Ein veit at samlivsbrot mellom foreldra gir auka risiko for at barna kan få mellom anna psykososiale problem og åtferdsvanskar. Ein veit òg at konfliktnivået mellom foreldra er utslagsgivande. Forskinga mi viser at barna kan ha emosjonelle vanskar i mange år etter samlivsbrotet, seier Rød. Depressive 12-åringar Det er ein tendens til at stadig fleire barnefordelingssaker vert behandla i retten, seier Rød. – Dette er altså svært konfliktfylte saker. Men barna seier at dei fram til foreldra gjekk frå kvarandre trudde dei hadde ein heilt vanleg familie, og at det ikkje var meir krangel mellom foreldra enn i andre familiar. I ettertid seier dei at det er slitsomt å leva med ei konflikt som vart så langvarig. Han fortel at hans vurdering er at fleire av barna han trefte hadde behov for ekstra støtte eller behandling av fagpersonell. Det har dei ikkje fått. – Eg intervjua òg den av foreldra som har den daglege omsorga. Fleire av dei sa at det var bra at eg kom og snakka med barna, for det er det ingen som har gjort, seier Rød. Han trefte barn ned til 12 år som han vurderte som depressive, og som vart heime frå skulen fordi dei ikkje orka å gå dit. Barna fortalte òg at dei hadde vore meir sjuke etter at foreldra gjekk frå kvarandre, og om at dei sleit med konsentrasjonen på skulen. – Dette er praksisnær forsking, seier Per Arne Rød. Han er klinisk sosionom og førsteamanuensis ved HiB.– Eg håpar at meklingsordninga vil verta sett nærare på, seier Rød. Ungane i bakgrunnen har ikkje noko med saka å gjere. Foto: Hilde Kristin Strand – Kva er alvorleg omsorgssvikt? – Når lærarar, barnehagetilsette eller andre offentleg tilsette har mistanke om at barn står i fare for alvorleg omsorgsvikt eller mishandling, har dei plikt til å melda frå til barnevernet. Barnevernet er då pliktige til å undersøka saka, seier Rød. I samband med doktorgraden intervjua han òg tilsette i barnevernet i fleire kommunar, med utgangspunkt i 37 meldingar med bekymring i barnefordelingssaker. Dei tilsette fortalde mellom anna at mange saker vart lagt vekk fordi ein var usikre på jussen. Barnelova og barnevernslova talar ikkje same språk. I barnelova heiter det at «dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting». I barnevernslova heiter det at barnevernstenesta skal bidra til å gi det enkelte barnet gode levevilkår og moglegheiter til å utvikla seg ved råd, rettleiing og hjelpetiltak. Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta syta føre å setja i verk hjelpetiltak for barnet og familien. – Spørsmål er kva som er alvorleg omsorgssvikt. Barnevernlova legg vekt på stabil og god vaksenkontakt og kontinuitet i omsorga. Ein kan stilla spørsmål ved om barna i fleire av familiane hadde slik omsorg, seier Rød. Sjølv om fleire barnevernstilsette fortalde at opp mot halvparten av meldingane var knytta til konflikter etter samlivsbrot, er det ut frå denne undersøkinga større risiko for at deira omsorgssituasjon ikkje vert undersøkt. Vil ha mekling og evaluering – Ei slik ordning inviterer til konkurranse, til vinnar og tapar. Det var òg omgrepa foreldra eg intervjua brukte. Eg meiner at ein burde ha ei sterkare meklingsordning. Barna sin situasjon må stå i sentrum. Difor bør ein òg ha ei oppfølging av korleis barna har det, til dømes etter seks månader og etter to år. Rød meiner at bruk av domstol må vera unntaket i barnefordelingssaker. Barna vert bodberarar – Dansk forsking viser at for at dette skal fungera, må foreldra vera ressurssterke, samarbeida godt, og barna kan ikkje ha spesielle behov, seier Rød. Barna han intervjua, fortalde at det var slitsomt å ha to heimar – kanskje med ulike grenser. Dei fortalde om mykje sinne – retta anten mot ein av foreldra eller mot dommaren som hadde avgjort saka. Dei fortalte òg om skuldkjensle fordi dei meinte dei ikkje klarte å stilla opp for foreldra i stor nok grad – mellom anna då foreldra vart sjuke i samband med samlivsbrotet. – Barna kjenner seg som bodberarar mellom foreldra. Konflikten starta kanskje med barnefordeling eller samværsordning, men går gjerne over til andre konfliktemne. «Du kan seia til han at no har eg betalt så og så mykje», var blant kommentarane barna fortalde om. Dei fortalde òg om foreldre som ikkje fekk følgja barnet sitt opp til huset etter samvær, men måtte stoppa ved porten, seier Rød. Storfamilien vert råka – Ingen hadde feiring med begge foreldra. Det var anten eitt selskap, der berre den eine forelderen var med, eller to selskap. Barna syntest dette var leitt, fortel Rød. Han seier at heile storfamilien vert råka etter eit samlivsbrot. Barna fortalte om besteforeldre dei ikkje lenger gjekk på søndagsmiddag til og om tanter og onklar på den eine sida som dei sjeldan fekk treffa. – Når ein ser dette utanfrå, er det lett å seia at foreldra må oppføra seg som vaksne. Seier foreldra noko om sin eigen oppførsel? – Nokre av dei gjer det. Samstundes handlar det mellom anna mykje om økonomi, seier Rød.
Rød har intervjua 18 barn frå familiar der konflikt om kven som skulle ha den daglege omsorga vart avgjort av retten. Då han intervjua dei var det mellom eitt og åtte år sidan saka siste gang var i retten.
Rød meiner at fleire av barna han trefte hadde ein kvardag som gjorde at barnevernet burde ha vore inne i biletet.
Rød, som er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag og vernepleie ved Høgskolen i Bergen, meiner at ordninga ein har i dag, der det er retten som avgjer om barnet skal bu hos mor eller far, er ein uheldig arena for gode løysingar på barnefordelingsspørsmål.
I Noreg bur dei fleste barn hos ein av foreldra etter eit samlivsbrot, medan den andre forelderen har samvær, til dømes annankvar helg. I Danmark er normen at barna bur halve tida hos mor og halve tida hos far.
Fleire av barna han intervjua er over konfirmasjonsalder. Felles for dei er at ingen av dei har hatt ei vanleg feiring.