Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Fred over minnet, sa kommunikasjonssjefen, og dermed vart statuen av den avdøde katten avduka.
«Den høyt elskede pusen gikk bort mandag kveld», meldte Studvest 4. august. SiB-katten, eller Araya, hadde då levd glade dagar på og ved Studentsenteret, med god tilgang på næring og kjærleik frå studentane som la sin elsk på pusen.
Så glade i katten vart studentane, at kort tid etter dødsfallet starta ein innsamlingsaksjon som no har kulminert i bronsestatuen i 1:1 på plassen framfor Studentsenteret i Bergen.
Dei to initiativtakarane, Eirik Lie Reikerås og Tord Lauvland Bjørnevik, fekk sjølv æra av å løfte det oransje fleece-pleddet og avduke minnemonumentet til tonar frå Musikkselskabet Larmonien. Men også prominensar frå universitetslivet kasta glans over hendinga.
Kommunikasjonssjef i Sammen, Marita Monsen, fortalte i sin tale at dei i Sammen mottok dødsbodskapen med sorg. Araya, den langhåra sibirkatten, frekventerte både den eine og den andre SiB-installasjonen, frå kantine til treningssenter – derfor tilnamnet SiB-katten.
Om katten hadde fått endra namnet sitt til Sammen-katten, får vi aldri svar på. SiB – Studentsamskipnaden i Bergen var midt i ei namneendring då dødsbodskapen kom.
– Vi lyser fred over minnet, sa kommunikasjonssjefen.
Viserektor ved Universitetet i Bergen, Oddrun Samdal, meinte pusen hadde ein viktig funksjon, som terapeut for stressa studentar.
– Han var ein rikdom for studentmiljøet, meinte viserektoren.
Medan SiB-katten, no i sitt tiande liv, taust følgde med.