Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
SV ønsker å endra opptaket til høgare utdanning, og la relevante karakterar telja mest. Kunnskapsministeren meiner opptakskrav er noko høgskular og universitet må få bestemma sjølv.
– I dag kan ein dårleg mattekarakter gjere at du ikkje kjem inn på psykologi. Vi meiner relevante karakterar bør telje mest. Då kjem du inn basert på evner og ikkje berre gjennomsnitt, seier Niclas Wilkinson, førstekandidat for SV i Akershus til NRK.
Tala frå Samordna opptak blei lagt fram i går. Sjølv om rekordmange fekk tilbod om studieplass, var det også mange som ikkje fekk plass på studia dei hadde søkt på.
Wilkinson meiner fleire unge ikkje kjem inn på enkelte utdanningar, fordi nokre karakterar trekk ned snittet.
– Du kan vera veldig god i eit fag, men så får du ikkje studere det fordi snittet ditt øydelegg for deg.
Det er ikkje klart kva for karakterar som er viktige i kva utdanning, det er det ekspertane som må svara på, seier Wilkinson.
Venstre er delvis einig med SV i at systemet kunne blitt meir fleksibelt, men ønsker ikkje å detaljstyra.
– Det er ikkje Stortinget si oppgåve å gå inn og vektleggja kva karakterar som er viktige i ulike fag, seier Iselin Nybø, utdanningspolitisk talsperson i partiet til NRK.
Også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner det blir feil av Stortinget å avgjera kva karakterar som er viktig for ulike studieretningar.
– Eg er ikkje for eit nasjonalt system der det er ulike karakterar som gjeld. Opptakskrav er noko høgskular og universitet bør bestemma sjølv.
Han vil likevel gjera systemet meir fleksibelt.
– Det skal bli enklare for utdanningsinstitusjonane å setja eigne krav der dei meiner det er riktig. Men det vil framleis vere snittet frå vidaregåande som vil vere det viktigaste for å kome inn, seier ministeren.