Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Institutt for samanliknande politikk sto for eitt av lyspunkta i ei elles trist Stud.mag-undersøking, sett med UiB-augo. Medan fire fagmiljø har hamna på den nasjonale ”versting-lista”, har sampol fått skryt både for administrativ service og for lærarane si evne til å skape fagleg engasjement.
Universiteta skårar jamt over dårleg på variablar som lokale, pc-tilgang og administrasjon. Kva gjer at sampol kjem betre ut i desse spørsmåla? Det er stort sett førstesemesterstudentar som har teke del i Stud.mag-undersøkinga. Muriaas tykkjer det gjer det vanskeleg å vite akkurat kva ein kan hente ut av tala i undersøkinga. Faga informatikk, nordisk litteratur, sosiologi og filosofi har hamna på den landsomfattande ”10-på-bunn”-lista i undersøkinga. Også instituttleiar Torleiv Kløve ved Institutt for informatikk tek dei dystre tala alvorleg. – Informasjon og samordning er hovudstikkord, seier førsteamanuensis og studierettleiar Jan Oskar Engene ved Institutt for samanliknande politikk.
– Vi har sett i verk nokre tiltak som eg tykkjer har fungert, seier universitetslektor Ragnhild L. Muriaas, som er fagleg koordinator for bachelor-programmet ved instituttet.
– For det første har vi utarbeida eit informasjonshefte for kvart emne, som inneheld opplysningar om alt frå detaljerte timeplanar og pensum til studentaktivitetar og utveksling. Dette får studentane utdelt på informasjonsmøtet eller første forelesing. I tillegg har vi brukt Studentportalen aktivt. Der har vi oppgitt kontaktpersonar ved instituttet, med e-postadresse, slik at studentane kan kontakte oss. Det er det mange studentar som gjer, og det lettar informasjonsstraumen, trur ho.
Oppstykka førstesemester
– Etter reforma blir nok førstesemesterstudentane fanga tidlegare opp av systemet enn før, men likevel har høgskulane ein føremon i så måte. I første semester er undervisinga delt mellom ex.phil, eit innføringsemne i samfunnsvitskap og instituttet sitt eige innføringsemne. To tredelar av undervisinga er det ikkje vårt institutt som rår over, og det er vanskeleg å vite kvar studentane føler at dei høyrer til, om det er instituttet eller fakultetet eller ex.phil-studiet. Og det kan vere vanskeleg å koordinere desse emna. Første semester blir lett oppstykka, og det er ei utfordring for universitetssystemet samanlikna med høgskulane, meiner ho.
Er klar over problema
– Vi er klar over at vi ikkje har vore heilt heldige med opplegget rundt innføringsemnet, seier styrar Ole Johnny Olsen ved Sosiologisk institutt.
– Dette har vi teke fatt i. Vi meinte vi hadde eit bra opplegg, men i ettertid ser vi at det kan ha vore litt for dristig som eit førstesemesteremne. Det var vanskeleg å få opplegget til å henge godt i hop, og det kan ha gjort at nokre studentar har kjent seg litt bortkomne.
Han trur også at flytteprosessen som instituttet har gjennomført i haust, kan ha hatt noko å seie for den dårlege utteljinga på administrativ service.
– Ved ei så omfattande flytting blir det lett ein pressa situasjon, særleg for administrasjonen. Spesielt dei heilt ferske studentane har nok lidd under det, seier han.
Tøft med informatikk i første semester
– Vi har gjennomført studentevalueringar heile vegen, men no vil vi lage eit utvida spørjeskjema for å få inn meir detaljerte, og vonleg meir representative, opplysingar om kva studentane er misnøgde med. Det vil vi bruke til å finne ut kva vi kan gjere for å betre situasjonen, seier han.
Han fortel at UiB lenge har slitt med til dels gamle lokale og mangel på grupperom, og trur systerinstitusjonane både i Trondheim og Oslo kjem betre ut på det området.
– Dessutan har vi, som alle andre, hatt ein fullstendig revisjon av fagtilbodet i samband med kvalitetsreforma. Dette må få gå seg til før vi veit akkurat korleis det fungerer, men det nye er at vi no har kurs i informatikk for førstesemesterstudentar. Tidlegare tok ikkje studentane informatikk før i andre semester. No møter vi dei tidlegare, og vi må vurdere om dette møtet kanskje har vore for tøft for dei.
Heilskapen er viktig
– Kvardagen til førstesemesterstudentane er annleis no etter reforma. Fordi vi ikkje lenger ”eig” studentane i eit heilt år, må vi leggje meir vekt på å gje emna ein klår identitet, og å spreie informasjon om dei. Når faga blir moduliserte, er det fare for at emna blir ”privatisert”, og at ingen ser heilskapen. Det er viktig at institusjonen har eigarskap til alle ledd i prosessen.