Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Å satse på unge forskarar er det viktigaste universitetet kan gjere i dag, meiner UiB-styremedlem og generalsekretær i Kungl. Vetenskapsakademien i Sverige, Gunnar Öquist.
– Mange kjem til å pensjonere seg om kort tid, og vi må passe på at det kjem til nye forskarar som kan ta over, seier Öquist til På Høyden. – Å satse på unge forskarar er det viktigaste ein kan gjere i dag. Universitetet i Bergen bør og kan bli det mest attraktive universitetet i Noreg for unge forskarar, gjennom å tilby bra med ressursar i eit stimulerande og framgangsrikt forskingsmiljø, seier Öquist. Öquist meiner universitetet bør spisse forskinga i endå større grad. Som ledd i dette bør ein satse på ei ny fire til femårig forskarutdanning etter doktorgrad. Dei som etter endt utdanning oppfyller krava, bør kunne vurderast til professorstilling. Dei som ikkje er gode nok, bør finne seg noko anna å gjere. Den nye forskningsstrategien for UiB, som vart vedteken på siste møte i Universitetsstyret legg opp til ei slik ordning.
Det komande generasjonsskiftet er ikkje den einaste grunnen til å satse på unge krefter, ifølgje den svenske professoren i plantefysiologi fra Universitetet i Umeå, som også er medlem av den svenske Nobelkomitéen.
Öquist meiner dei unge er sjølve nøkkelen til å bygge opp forskingsmiljø på høgt nivå, som kan fornye vitskapen og henge med i forskingsfronten. Men for at det skal kunne skje må det leggast meir ressursar i forskarutdanninga etter doktorgrad, samstundes som kvalitetskrava må leggjast på høgt internasjonalt nivå. Og det er ikkje nok å rekruttere lokalt.
Kan bli mest attraktivt
På Høyden har i haust sett fokus på forskerrekruttering. Sju av ti professorar og førsteamanuensar ved UiB er no over 50 år. Snittalderen for professorar var i 2003 på 55 år. Samstundes har både stipendiatar og vitskapeleg tilsette gitt uttrykk for at manglande tilbod fører til at unge forskartalent går tapt for universitetet. Ved Det medisinske fakultet signerte nyleg 175 stipendiatar, forskarar og professorar eit protestbrev med krav om fleire stillingar øyremerka yngre forskarar.
Bør spisse meir
– Men det er viktig at desse menneska ikkje blir sett på som problem. Sjølv om ein ikkje har nådd topp internasjonal klasse, vil dei ha viktig kompetanse som bør opne for andre karrierevegar, seier Öquist.
Professoren, som tidlegare har vore med å evaluere norsk forsking og plukke ut dei norske sentra for framifrå forsking (SFF), meiner satsing på elitane ikkje er eit hinder for breidde. Han meiner tvert imot at breiddeuniversitetet er ein føresetnad for å skape spissane.
– Men då må vi ha ei aktiv og framgangsrik breidde som tar del i internasjonal forsking og publiserer i internasjonale tidsskrift, seier han.