Satsar på Sør-Afrika

Publisert

Denne veka har Psykologisk fakultet besøk av to forskarar frå University of the Western Cape i Sør-Afrika. Besøket er ei oppfølgjing av arbeidet i nasjonalt fagråd for psykologiutdanning, men det glir også inn UiB si generelle satsing på samarbeid med Sør-Afrikanske institusjonar.

UiB har eit omfattande og uoversiktleg samarbeid med institusjonar i Sør-Afrika i dag, der vekta mest ligg på forskingssamarbeid. Samarbeidet skjer både på institusjonelt nivå og som uformelle prosjekt fagmiljø og -personar imellom. No ønskjer UiB å leggje ein meir målretta strategi for samarbeidet med Sør-Afrika, slik at ein får meir heilskap i samanhengane mellom forsking, utdanning og studentutveksling. I samband med denne satsinga planlegg leiinga ei delegasjonsreise til fleire universitet i Sør-Afrika i februar. Her skal både representantar for leiinga, Internasjonalt kontor og ulike fagmiljø vere med.

I januar i år gjennomførte arbeidsutvalet i fagrådet for psykologiutdanninga ei reise i Sør-Afrika for å utvikle det institusjonelle samarbeidet. Professor Mohamed Adams og professor Charles Malcolm frå University of the Western Cape besøker no UiB som ei oppfølgjing av dette arbeidet. Dei har mellom anna halde ei open gjesteforelesing ved Psykologisk fakultet, om utfordringane ved å undervise i psykologi i eit samfunn i sterk endring.

– Men besøket er samstundes eit ledd i UiB si satsing på eit sterkare samarbeid med Sør-Afrika, seier fakultetsdirektør Audun Rivedal.

Cape Town største utvekslingsuniversitet

– Nasjonalt er arbeidet i psykologinettverket fordelt slik at UiB jobbar mot University of the Western Cape, medan til dømes NTNU og UiO jobbar mot andre institusjonar. Samstundes samarbeider vi på tvers i nettverket, slik at vi til dømes kan drive utveksling på kvarandre sine program. Vi byrjar også så smått å utvikle opplegg for studentutveksling. Førebels har det mest vore norske studentar som har reist til Sør-Afrika. Men vi vonar at vi kan få fleire doktorgradsstudentar og unge forskarar opp hit på forskingsopphald, forklarer Rivedal.

– Sør-Afrika blir vår neste store satsing i Afrika, etter Dar-es-Salaam og Makerere. Mange av forskarane våre finn Sør-Afrika interessant som samarbeidspartnar, fordi ein kan drive utviklingsforsking og samstundes ha tilgang til moderne forskingsfasilitetar, fortel direktør Jan Petter Myklebust ved Internasjonalt kontor.

– Vi har fleire NUFU- og NFR-finansierte prosjekt mot Sør-Afrika, og University of Cape Town er det største utvekslingsuniversitetet målt etter talet på studentar dei tek imot frå UiB. Studentane våre er svært interesserte i å reise til Sør-Afrika, og vi ønskjer å styrke den delen av samarbeidet.

Samarbeidet mellom UiB og institusjonar i Sør-Afrika omfattar i dag både naturvitskap og teknologiske fag, pedagogikk, zoologi og helsearbeid, for å nemne noko. Delegasjonsreisa i februar tek sikte på å vitje fem universitet med tanke på å etablere avtaler, og å styrke og utvide eksisterande samarbeid.

Powered by Labrador CMS