Satsing på småting

Publisert

Nanovitskap er blitt eit nytt strategisk satsingsområde for UiB. Satsinga blir sparka i gang med eit seminar, og utlysing av såkornmidlar til pilotprosjekt.

– UiB har utlyst midlar som skal fasilitere tverrfaglege forskingsprosjekt på inntil ein million kroner innanfor nanovitskap. Vi ønskjer oss forskarinitierte, tverrfaglege prosjektforslag, og vi tenkjer oss å få internasjonal ekspertise til å vurdere forslaga, seier rådgjevar Astrid Bårdgard ved Forskingsavdelinga.

Utlysinga er gått ut til alle fakulteta, og definerer tre hovudkategoriar som prosjektframlegga kan rette seg mot: Biomolekylær nanovitskap, nanovitskap relatert til prosessindustri og materialteknologi, og basal eksperimentell og teoretisk nanovitskap.

– I tillegg opnar vi for at ein kan søke midlar til mindre prosjekt som tek for seg etiske og samfunnsmessige aspekt ved bruk av nanoteknologi, opplyser Bårdgard.

I samband med utlysinga arrangerer Forskingsavdelinga eit ope seminar torsdag 26. mai. Der blir utlysinga presentert, og deltakarane vil få døme på dei tre hovudkategoriane. Dessutan vil det bli presentasjon av SINTEF sin strategi for forsking på nanoteknologi, og av Forskingsrådet sitt NANOMAT-program.

Eit moderne universitet

Professor og instituttleiar ved Institutt for fysikk og teknologi, Jan Petter Hansen, har leia utvalet som har evaluert UiB sine føresetnader for å satse på nanoteknologi. Utvalet har også lagt fram tilrådingar for korleis satsinga skal skje. Han vel å samanlikne moderne naturvitskap med legoklossar, når han skal svare på kvifor UiB bør satse på nanoteknologi:

– Korleis kan du bygge lego om du har på deg vottar, eller enno verre, har hendene bunde bak ryggen? I naturvitskapen er det atoma som er legoklossane. No finst det utstyr som gjer det mogleg å bygge med dei. Dersom vi vel å ikkje gjere det, er vi ikkje eit moderne universitet. Sagt på ein annan måte: vel vi å sjå vekk ifrå nanoteknologien, blir sjansane vi måtte ha til å hamne på ei liste over dei beste universiteta, ynkeleg.


Nasjonal satsing

Han viser til at mange av problema den moderne naturvitskapen står andsynes, har utspring på same lengdeskala.

– Ønskjer vi å arbeide med dei store og interessante problemstillingane, må vi satse på nanovitskap, meiner han.

– Dessutan er nanovitskap eitt av områda som er omtala som viktig i den nye forskingsmeldinga. Det vil seie at mykje av den nasjonale satsinga og finansieringa, vil kome på dette området. Det er også ein del av røyndomen, som vi må ta innover oss.

Utvalet tilrår i rapporten at satsinga blir knytt til forskarinitierte, fleirfaglege prosjekt.

– Gode prosjekt er kjenneteikna av fleirfaglegheit, og det finst fleire miljø ved UiB som allereie ligg langt framme på området, til dømes innanfor medisin og kjemi. Gruppene som blir etablerte her, blir forventa å kunne hevde seg nasjonalt, og kjempe om eksterne prosjektmidlar, seier Hansen.

Powered by Labrador CMS