Science bad om bidrag frå mikrobiologar ved UiB

Publisert

Dei er overalt; på kroppen, i jorda, i vatnet, men er usylege for auga. Prokaryote mikro-organismar (bakteriar og arkar) utgjer majoriteten av levande organismar på jorda, og finst truleg i millionar av artar. Mikrobiologane Vigdis Torsvik, Lise Øvreås og Tron Frede Thingstad bidrog nyleg i tidsskriftet Science med eit såkalla viewpoint - der dei oppsummerte fagområdet prokaryot diversitet.

– Dette er ei stor anerkjenning av arbeid som har pågått i mange år, seier Vigdis Torsvik. Det var i desember ifjor at Science tok kontakt med Torsvik og bad henne skriva eit innlegg om prokaryot mangfald til eit spesialnummer om økologisk mikrobiologi. Ho er ein av dei fremste forskarane i verda på området og har drive grunnforsking på dette sidan byrjinga på 1980-talet.

Torsvik og medforfattarane Øvreås og Thingstad har allereie fått svært positive tilbakemeldingar på Science-artikkelen som vart publisert 10.mai. Frå ei rekke europeiske land - og land som Japan og USA - har dei fått epost frå folk som ønskjer å bruka dette i undervisning. Også mikrobiologmiljø i utlandet har gjeve mange tilbakemeldingar om at dette er god PR for eit fag som ofte slit med å få midlar.

Pionérar

Science-utgåva der Torsvik vart beden om å bidra hadde jord, luft, ild og vatn som tema - og prokaryote organismar finn ein i alle desse elementa.

– Tidlegare trudde ein at prokaryote mikro-organismar spelte ei relativt lita rolle i økosystemet, for det meste involvert i nedbryting av organisk materiale. No veit vi at dei prokaryote artane er ein avgjerande del av biosfæren fordi dei katalyserer biogeokjemiske prosessar som opprettheld alt liv på jorda, fortel Torsvik.

I 1990 skreiv ho, saman med Jostein Goksøyr og Frida Lise Daae, ein artikkel som var ein milepel i forståinga av mikrobiologisk mangfald. Forskarane viste der at biodiversiteten i jord var mykje større enn ein tidligare har trudd. Mikrobiologiske studiar var tidligare basert på dyrkings-metodar, der ein berre fekk med omlag 0,1 til 1 prosent av mikro-organismane i eit miljø. Nye molekylære metodar har vist at det til dømes kan det vera over 10 000 ulike typer i hundre gram jord. Desse metodane har danna grunnlaget for ein mykje meir intensiv identifisering og utforsking av prokaryotane.

– Framleis er vi berre heilt i byrjinga av å forstå utbreinga og artsrikdomen av denne gruppa av organismar. Til dømes kan vi ikkje bruka same artsomgrepet og gruppera dei på same måte som ein gjer med høgareståande organismar, seier Torsvik.

Dei usynlege Prokaryotane utgjer størstedelen av biodiversiteten i det såkalla “Livets tre”, der høgareståande artar som planter, dyr og menneske berre utgjer ei lita sidegrein. Prokaryote organismar finn vi meir eller mindre overalt. Førebels er det berre kartlagt omlag 4500 artar av det som truleg er fleire millionar. Prokaryotane var også dei første levande organismane på jorda. Allereie for 3,8 milliardar år sidan dukka dei opp, medan motsatsen, eukaryote organismar berre har eksistert i 1,8 milliardar år. Prokaryotar er i hovudsak eincella organismar. Ulikt eukaryote celler har dei prokaryote lite organisert celle-struktur.


Ukjend liv - under fire kilometer is

Forsking som er publisert i seinare tid viser at store mengder av prokaryote organismar fins djupt nede i jordskorpa. Utrekningar av den totale biomassen tyder på at den er like høg hjå prokaryote i djupare lag av jordskorpa som hjå planter på land og i vatn tilsaman. Ny forståing om den omfattande førekomsten av prokaryote organismar, inkludert miljø der ein tidlegare ikkje trudde liv var mogleg, gjer at det no er knytt stor interesse til å oppdaga liv på andre planetar.

– Dei fleste stader fins det liv. Når vi leitar nye stader, finn vi mykje dei same organismane, knytta til dei same type habitat, seier Lise Øvreås i forskargruppa til Torsvik.

Ein stad ein no leitar etter liv er i Vostoksjøen i Antarktis, som er ein av verdas største innsjøar. Torsvik og forskargruppa hennar er spurt om å vera med i ei arbeidsgruppe der dei skal bidra med ekspertisen sin i utforskinga av sjøen. I mellom 500 og 750 millionar år har den vore dekt av eit fire kilometer tjukt lag med is - og ei russisk gruppe har no, i samarbeid med amerikanarar, drilla seg gjennom mesteparten av islaget som dekker sjøen. Der vonar forskarane å finna ukjent liv. Slik kan grunnforsking ved UiB bidra til å skriva om evolusjonshistoria. Og historia sluttar ikkje der - for prosjektet vil bli eit modellprosjekt for utforsking av liv på andre planetar, mellom anna Europa, ein av Jupiter sine månar.

Powered by Labrador CMS