Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Me vil vera Institutt for framandspråk, seier ein nøgd Leiv Egil Breivik.
– Då eg vart gjort merksam på denne saka, tenkte eg at me måtte få gjort noko med dette, seier universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken til På Høyden. På Høyden skreiv førre veke om den nye skilthandboka som slær fast at alle skilt ved UiB skal vera på bokmål. Dette reagerte fleire tilsette ved Humanistisk fakultet på. – Skilt er tekst som har stor symbolverdi. I HF-bygget er det til dømes fellesskilting på nynorsk i dag. Dersom den nye handboka seier at me ikkje får lov til dette, er det ei dårlegare ordning enn den me har i dag, sa Arve Kjell Uthaug, administrasjonssjef ved Institutt for framandspråk. – Stemmer med språkpolitikk – Det er utruleg viktig at me har gode og informative skilt. Det har vore arbeidd mest med ein god profil og med mellom anna fargepalett, seier Elvbakken. Ho seier at ho no vil følgja opp skiltarbeidet, og at skilt på nynorsk stemmer godt i høve til universitetet sin språkpolitikk. Institutta får bestemma – Me er veldig glade for dette, og synest det er ei fin løysing. Me kjem til å vera Institutt for framandspråk, seier instituttleiar Leiv Egil Breivik. Elvbakken seier at å gi namn er noko som ligg under kvart enkelt institutt. – Eg tenkjer at no må dei grunneiningane som vil ha skilt på nynorsk gi melding om det. I dag har me mellom anna Senter for vitskapsteori og Institutt for framandspråk, seier Elvbakken. Etter kvart skal heile UiB få nye skilt. Åse Tveitnes, sjefsingeniør ved eigedomsavdelinga, sa til På Høyden at det nye odontologibygget er først ut. Det er laga ein plan for kven som skal få nye skilt i år og neste år. – Me skal vera særleg merksame på skiltinga når me får nye bygg eller når bygg skal pussast opp. No skal me bruka kreftene på å få dette bra, seier Elvbakken. Arve Kjell Uthaug og Leiv Egil Breivik kan no truleg framleis vera tilsette ved Institutt for framandspråk. Det gler dei seg over. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Elvbakken seier at arbeidet med å finna ei praktisk løysing på korleis ein kan ha skilt òg på nynorsk allereie er i gang.
Ved Institutt for framandspråk er ein no nøgde.