Seier nei til språktest for statsborgarskap

Publisert

– Mange nordmenn har dårlege lese- og skriveferdigheiter. Me nektar dei ikkje stemmerett av den grunn, seier Cecilie Carlsen.

I januar i år varsla Senterpartiet at dei vil gå inn for at innvandrarar må bestå ein språktest før dei kan få norsk statsborgarskap. Det same meiner Arbeiderpartiet, Høgre og Framstegspartiet. Eit slikt forslag vil altså ha fleirtal på Stortinget.

– Problematisk, meiner Cecilie Carlsen. Ho er leiar for Norsk Språktest, eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Folkeuniversitetet, som er ansvarleg for utvikling av prøvar i norsk for vaksne innvandrarar på fleire nivå.

– Vern viktigaste årsak
I dag er det ikkje eit krav om språkferdigheiter på eit bestemt nivå når ein søkjer norsk statsborgarskap, men krav om å ha gjennomført 300 timar norskopplæring.

– Eg synest det er etisk problematisk å stilla krav om dugleik for å få statsborgarskap, særleg når ein ser nærmare på kven det er som ønskjer å bli norske statsborgarar. Data frå Statistisk sentralbyrå (SSB) kan tyde på  at det er behovet for vern som er den viktigaste årsaka for å søkje norsk statsborgarskap, seier Carlsen.

Det er først og fremst flyktningar frå krigsråka land som bytter statsborgarskap etter dei obligatoriske sju åra i Noreg, medan innvandrarar frå Norden og Vest-Europa i liten grad bytter statsborgarskap.

Under konferansen «Rom for språk» før helga hadde Carlsen innlegg om temaet. Der viste ho mellom anna til det felles europeiske rammeverket som mange europeiske land brukar som utgangspunkt for språkkrav ved søknad om statsborgarskap. Språkkrava varierer frå inga språkkrav til krav på tilnærma akademisk nivå.

Mange analfabetar
– Dersom ein skal ha slike testar, kor skal ein i så fall legga lista? Dersom målet er at søkjarane skal ha gode nok språkferdigheiter til å kunne orientere seg i det politiske landskapet, treng ein dugleikar på rimeleg høgt nivå. Legg ein lista der, er det mange som aldri vil klare testen, seier Carlsen til På Høyden.

Data frå SSB viser at dei fleste som no søkjer om norsk statsborgarskap er kvinner frå Somalia, Afghanistan og Irak.

– I desse landa er analfabetisme eit stort problem. Opp til 70 prosent av dei vaksne kan ikkje lesa og skriva, seier Carlsen.

– Dersom ein innfører ein språktest for statsborgarskap, er det fare for at ein stengjer ute nettopp dei gruppene som treng det vernet eit norsk pass gir.

Danmark stiller strenge krav
Fleire land i Europa stiller no krav om språkleg dugleik for å få statsborgarskap. Nederland og Austerrike legg seg på nivået «basisbrukar», som vil seia at ein skal forstå setningar og uttrykk knytta til dei viktigaste områda i dagleglivet. Ein skal kunne klara seg i enkle og rutineprega samtalesituasjonar. Tyskland, Finland og Estland legg seg på nivået over. Då er kravet at ein skal kunne forstå hovudpunkta i tale og skrift om emne ein møter i arbeidslivet og på skule. Ein skal kunne skriva enkle tekstar, og ein skal kunne klara seg i dei fleste situasjonar dersom ein reiser til eit område der språket vert snakka.

Sverige og Danmark er svært ulike når det gjeld krav til statsborgarskap generelt, og krav til språkferdigheiter spesielt. Sverige er blant dei mest liberale landa i Europa når det gjeld statsborgarskap, og stiller ikkje språkkrav, medan Danmark har ei rekkje krav, og blant dei krav om språkferdigheiter på eit pre-akademisk nivå. Ingen andre land i Europa har krav på dette nivået.

– Krava i Danmark er like høge som dei som vert stilt for opptak til høgare utdanning i Norge for dei som går opp til Test i norsk – høgare nivå, seier Carlsen.

– Veit for lite om konsekvensane
– Me veit for lite om konsekvensane av å innføre eit slikt krav. Heller ikkje i Europa finst det mykje forsking me kan sjå til når det gjeld dette, seier Carlsen.

Ho viser til at i dag er det ni av ti som gjennomfører introduksjonsprogrammet på normert tid. Ho meiner det er stor skilnad mellom å krevja at ein skal gå på kurs og å krevja at ein må klara ein prøve.

– Dette handlar om nokre prinsipielle spørsmål: Kva er eit demokrati? Og kva rettar har ein som borgar? Det er mange nordmenn som har dårlege lese- og skriveferdigheiter, eller som er lite orientert om samfunn og politikk, men me nektar dei ikkje stemmerett likevel, seier Carlsen.

Powered by Labrador CMS