Seks gjekk – 4,5 kjem

Publisert

Det vert truleg oppretta 4,5 faste, vitskaplege stillingar ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet neste år.

Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap, Institutt for informasjons- og medievitskap og Institutt for geografi får truleg ei heil, ny vitskapleg stilling i 2013. Det ligg inne i forslaget til vedtak som fakultetsstyret ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet skal ta stilling til i morgon. I tillegg vil Institutt for samanliknande politikk få ein halv stilling ekstra. Instituttet har i dag ein professor som er tilsett i halv stilling, og som har søkt om å få auka stillingen sin.

BFS-stilling i tillegg
I år er det seks personar som har gått av ved SV-fakultetet. Alle desse vil altså ikkje verta erstatta. I sakspapira skriv dekan Knut Helland at ordninga med stillingsheimlar ikkje eksisterer lenger. Det betyr at når ein person går av med pensjon, er det ikkje sikkert at stillinga vert erstatta. I tillegg er det slik at fakultetet har utfordringar knytta til å prioritera mellom drift og faste stillingar.

I tillegg til dei 3,5 nemnde stillingane, kjem ei stilling til knytta til Institutt for informasjons- og medievitenskap. Det er ei stilling knytta til Nomadikon, eit prosjekt Bergen Forskningsstiftelse har finansiert. Dersom prosjektet får ei god vitskapleg evaluering, vil prosjektleiaren verta kalla til professor.

Har for få kvinner
I sakspapira vert det lagt vekt på at kvinner er i mindretal når det gjeld vitskapleg tilsette ved dei fleste institutta. Fakultetet har ein eigen tiltaksplan som skal betra kjønnsbalansen i ulike grupper av tilsette. I 2013 vil fakultetet setja inn verkemiddel som skal sikra fleire kvalifiserte kvinner som søkjarar til faste, vitskaplege stillingar.

I 2012 er det tilsett ein person i fast, vitskapleg stilling ved SV-fakultetet. Det er ein mann. Ei kvinne og ein mann har begynt i stillingane sine, som vart vedtekne i fjor haust.

I tillegg til dei 4,5 faste stilingane som no truleg vert oppretta, vert det oppretta ti stipendiatstillingar og fem postdoktorstillingar.

Rekneskap og møteplan
I tillegg til saka om fordeling av faste stillingar, skal fakultetsstyret mellom anna handsama saker om rekneskap og budjsett, om valprosessen neste år og vedta neste års møteplan. Dei har òg nokre tilsetjingssaker på sakslista.

Framsidefoto: Tjøstolv Lund

 

Powered by Labrador CMS