Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
På Høyden var i Knut Fægris hus for å skrive om problema knytta til miljøet i parken. Det likte rusmisbrukarane dårleg.
I førre veke var På Høyden i Knut Fægris hus for å skrive om at ingen gjestar vågar bu i leilegheitene i huset grunna nærleiken til Nygårdsparken. Under fotograferinga av konsulent Randi Higraff fekk vi føle aggresjonen frå parken på kroppen. Vindauget vart knust av ein stein kasta frå buskene i bakgrunnen på biletet. – Det de opplevde var at rusmisbrukarane med roping eller på anna vis forsøkte å fortelje at her er det dei som bestemmer, seier overingeniør Tore Reigstad til På Høyden. – Ute av kontroll På Høyden har tidlegara skrive at direktøren i SiB må koste vekk sprøyter frå trappa i Villaveien 10 før dei tilsette kjem på jobb. – Det har vore ei svært negativ utvikling dei siste fire-fem åra. Det er meir forsøpling, meir urinering og avføring. Og situasjonen er ute av kontroll når det kjem til aggressivitet, seier Tore Reigstad. Han anslår at det vil koste UiB om lag ti tusen kroner å skifte vindauget. Festlokale for store dagar –Det kunne like gjerne vore ein 70-årsjubilant som sto framfor vindauget og vart fotografert. Er dette noko som har skjedd før? – Nei. Dette er heldigvis ikkje noko som skjer ofte, seier eigendomsdirektør Even Berge til På Høyden. Trudde dei vart filma Han legg til at han meiner politiet har gjort ein god jobb i området. – Det har vore eit jamt trykk frå politiet. Dei narkomane føler seg truleg usikre og trua også, og dei er difor ekstra på tå hev. Dette skjedde fordi dei trudde at dei vart filma eller fotograferte. Dei trudde nok at saka handla om dei, seier Tore Reigstad. – Kva kan gjerast for å betre situasjonen for tilsette og studentar ved UiB som ferdast i området? – Eg trur ikkje det blir ordna før det blir ei lovendring. Kommunen og dei som arbeider med rus må ta tak i problemet her. Spørsmålet er kor langt det må gå før det blir ein slutt på dette. Eg er redd personar skal verte skada. – Det er forferdelig. Det er tragisk, sier Tore Reigstad om forholda bak studentsenteret. Rektor trua
– Dei narkomane har teke over parkeringsplassen bak studentsenteret og området ved Villaveien 9 og 10 seier Tore Reigstad.
Knut Fægris Hus ligg i Villaveien 9. Dette er UiB sin representasjonsvilla, der ein kan ha doktorgradsmiddager og mottakingar. Huset vert brukt til feiring av andre store dagar for tilsette ved UiB.
– Dette skal aldri skje, det er ikkje sånn vi skal ha det på Nygårdshøyden, seier Tore Reigstad.
Også rektor ved UiB og journalistar frå andre medier har hatt ubehagelege opplevingar ved Knut Fægris hus. For nokre år sidan vart rektor Sigmund Grønmo intervjua framfor inngangen til huset. Ein av personane i parken skal ha vorte provosert av dette, og oppført seg særs truande. Hendinga vert stadfesta av Sigmund Grønmo i ein epost til På Høyden.
Ved dei gamle søylene til praktbygningen ligg det fleire blodige sprøyter. (Foto: Dag Hellesund)