Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
NRK-programleiaren vart heidra for sin ekstraordinære innsats som vitskapsformidlar.
— Selda Ekiz er ein særs god ambassadør for Universitetet i Bergen. Gjennom si formidling har ho bidrege på ein framifrå måte til å vekka nysgjerrigheita for vitskap, særleg hjå dei unge, sa rektor Dag Rune Olsen då han delte ut prisen fredag.
Som fysikar, standupkomikar, programleiar og forfattar er det inga overdriving å kalla årets æresalumn for eit multitalent. Sjølv kallar ho seg ein edutainer, skriv UiB i ei pressemelding.
Veldig stolt
Ekiz er født i 1988, og gjekk ut frå Universitetet med ein mastergrad i fysikk i 2011. Ho har mellom anna vore programleiar i NRK-programma Newton og Anno.
– Då UiB tok kontakt blei eg først litt forvirra. Er det verkeleg meg dei meiner? Då eg skjønte at det var tilfellet blei eg veldig stolt. I alle fall når eg såg kven som har fått tittelen før meg. Det er ei stor ære, seier Ekiz til NRK.
Ho er den tredje personen UiB har utnemd til æresalumn. Erna Solberg og tidlegare utanrikskorrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld kan også smykka seg med tittelen.