– Selskapet viktig i profileringa av Bergen som vitskapsby

Publisert

Professor i sosiologi og tidlegare prorektor ved UiB Sigmund Grønmo overtek vervet som preses for Selskapet til Vitenskapenes Fremme neste år. Grønmo ser ingen grunn til å pensjonera Selskapet som feira 75-årsdag 12. desember.

– Selskapet er eit viktig forum for vitenskapleg profilering og formidling. Det skal vera eit samlande forum, eit fagleg fellesskap som er uavhenhig av fag og av institusjon. Men Selskapet er også ein utmerka reiskap for å profilera Bergen som vitskapsby, seier Grønmo.

Noverande preses Karen Helle har fleire gonger gjeve uttrykk for at Selskapet ønskjer og treng fornying. Dette håpar Grønmo å bidra til, men han rosar også Helle for den fornyinga ho har bidratt til - og for ei framifrå jubileumsmarkering med bokutgjeving, mottaking og svært spennande føredrag.

Sjølv håpar Grønmo på at også samfunnsvitarane og humanistane kjem meir med og kan bidra til å fornya Selskapet. Ein vil også forsøka å leggja møta til ulike delar av Universitetet og dei andre institusjonane i Bergen.

– Me får bruka dei nettverka me har, seier påtroppande preses med eit smil - som snart kjem ut med ny bok om sosiale nettverk og økonomisk makt.

Grønmo overtek formelt frå nyttår, men vil ikkje vera i full sving før til hausten, ettersom han først skal på forskingsopphald til Australia.

Powered by Labrador CMS