Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I statsbudsjettet som vart lagt fram onsdag 8.10 blei det fremja forslag om at Senter for Internasjonalt Universitetssamarbeid (SIU) skal bli eit nasjonalt senter for internasjonalisering av høgre utdanning frå nyttår.
- Me er svært glade for at det no blir eit senter etter nærare to år med planlegging og innstillingar, seier direktør Ulf Lie ved SIU.
I framlegget frå Utdannings- og Forskingsdepartementet (UFD) er det førebels sett av fem millioner kroner til sjølve opprettinga og driftinga av senteret.
Ein overgang til eit nasjonalt senter innebær og at SIU blir eit statleg forvaltningsorgan under UFD med eige styre og særskilde fullmakter. I tillegg til oppgåvene SIU har i dag, vil det nye senteret få ansvar for nye aktivitetar som profilering av norsk høgre utdanning i utlandet og kompetanseoppbygging i internasjonaliseringsarbeid for sektoren. Direktør Lie meiner at den nye organiseringa er ei klar styrking av samordninga av internasjonalt universitetssamarbeid i Noreg.
- Me trur at både enkeltbrukarar og institusjonar vil få det lettare med eit samla organ i staden for å måtte søke hjelp og informasjon fleire stader.