Senter for konkurransepolitikk opna

Publisert

Forventningane til det nyopna Bergen senter for konkurransepolitikk er høge. – God faglegheit er basisen for eit godt konkurransetilsyn, seier konkurransedirektør Christine Meyer.

I dag opna Bergen senter for konkurransepolitikk (BECCLE). Senteret samlar økonomisk og juridisk fagkompetanse under same tak og har vorte til gjennom eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NHH og Konkurransetilsynet. Her skal økonomar og juristar forske på konkurransepolitikk. Senteret blir dermed også ein viktig kunnskapsbase for Konkurransetilsynet.

– Dei nordiske og europeiske konkurransetilsyna er misunnelege på vår gode kontakt med dei akademiske miljøa. Dette senteret tek det heile eit steg vidare, seier Christine Meyer, direktør i Konkurransetilsynet.

Koplinga mellom akademia og praksis og senteret si framtidige rolle som brubyggjar vart framheva av fleire.

– Senteret er eit forbilledleg eksempel på samarbeid innan akademia og med næringslivet, sa Berit Rokne, prorektor ved Universitetet i Bergen.

Allereie på plass
Dagleg leiar for det nye senteret blir professor Tommy Staahl Gabrielsen ved Institutt for økonomi ved UiB.

– Opprettinga av senteret betyr svært mykje. Det er ei klar styrking av miljøet innan konkurranserett og -økonomi, seier Staahl Gabrielsen.

Ifølge Mette Bjørndal, viserektor ved NHH, har senteret eit firedelt mål. BECCLE skal styrke den konkurransepolitiske kompetansen, sikre at fagmiljøa har ein felles plattform, samle nasjonal kompetanse og skape rammevilkår for norsk næringsliv som gjev vekst. Hovudmålet har likevel vore å samle juristar og økonomar på same stad.

Det nye senteret har allereie starta innflyttinga i lokale i Parkvegen 20. I underkant av 30 forskarar vil ha tilknyting til BECCLE. Dette er både forskarar frå UiB og NHH, stipendiatar og post doc’ar. Planen er at dei tilsette framleis skal ha hovudarbeidsplassen sin ved dei ulike involverte institutta, men at dei skal sitte på BECCLE i periodar. Dermed unngår ein å trekke kompetanse ut frå institutta. Sjølv har Tommy Staahl Gabrielsen undervisningsfri det neste året, og vil difor vere å finne på BECCLE mesteparten av tida.

– Eg trur dette er ei ordning som vil fungere fint. Ved å legge det opp slik, får vi ei styrking i staden for ei svekking av forskingsmiljøa, seier han til På Høyden.

senter for konkurransepolitikk, Tommy Staahl Gabrielsen.

– Unikt samarbeid
Gabrielsen er ein av initiativtakarane til det nye senteret. Då ideen om BECCLE kom opp, var Gabrielsen sjeføkonom i Konkurransetilsynet. Her drøfta han moglegheitene for eit senter for konkurranserett og –økonomi med kollega Lars Sørgard, professor ved NHH.

Våren 2010 kom initiativet til senteret, og våren 2011 vedtok styra ved UiB og NHH at senteret skulle opprettast som eit samarbeid mellom dei to institusjonane.

Til trass for at det berre er UiB og NHH som no etablerer senteret, har Konkurransetilsynet vore ein viktig fødselshjelpar og støttespelar, ifølge Gabrielsen. Det har lenge vore eit samarbeid innan konkurranseøkonomi mellom økonomane ved UiB og NHH, men då Konkurransetilsynet vart etablert i Bergen, vart også Det juridiske fakultet kontakta og planane om ei styrking av fagmiljøet innan konkurranserett kom på plass.

– Senteret er eit unikt samarbeid mellom UiB og NHH og mellom juristar og økonomar, seier Gabrielsen.

 

Powered by Labrador CMS