Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Den einaste sanksjonen ein har dersom det tek for lang tid å få ei vurdering, er å finna ein ny komité.
Det seier rektor Sigmund Grønmo. Han er godt kjend med problemstillinga om ventetid mellom innlevert avhandling og tidspunkt for disputas. – Det er ei problemstilling me har oppe med jamne mellomrom. Forskrifta seier tre månader, og det vert alle instruert i. Men utfordringa er at komitéarbeid tek tid. Komitémedlemmene er høgt kompetente menneske med mange oppgåver. Den einaste sanksjonen me har dersom me synest det tek for lang tid, er å finna ein ny komité. Men då tek det endå lenger tid, seier Grønmo. Vil sjå på saka – Skuldast skilnaden i ventetid ein kulturskilnad? – Det er ein kulturskilnad i avhandlingane si form, og det kan me leva godt med. Noko av tidsbruken kjem nok òg av denne skilnaden. Men me må likevel sjå på kva dei som gjer det best gjer, seier Grønmo. – Prioriterer ikkje fram i køen – Komiteane seier ja på frivillig grunnlag, og då er det ikkje alltid så lett å seia at dei må skunda seg. Men dette betyr ikkje at me ikkje bør sjå på dette, legg han til. – Skuldast noko av ventetida at avhandlingane vert liggande i ei skuffe ei stund før dei vert lesne? – Dei som sit i komiteane har alltid fristar og plikter. Det er ingen reglar eller normer som gjer at ein prioriterer ei avhandling fram i den køen, meiner Kristoffersen. Han meiner fakultetet på sjå på om det er mogleg å få tidsbruken ned, og støttar stipendiat Knut Melvær, som tidlegare i dag sa at han meiner ein bør ha eit sjekkpunkt for å få på plass komité før avhandlinga vert levert. – Det er eit sentralt punkt at ein har kontroll på når avhandlinga vert levert, og at ein ikkje opplever at kandidatar leverer nærast ut av det blå. Her kan nok rettleiar og kandidat òg verta flinkare til å informera instituttet, meiner Kristoffersen. – Prioriterer fest før disputas – Ein seier no at ph.d er den tredje syklusen i utdanninga. Men me har ikkje fått på plass noko eksamenssystem på same måte som for master, og det er sikkert ikkje fullt ut mogleg heller. I tillegg til lengre oppgåver, er skilnaden at ein i komiteane som skal vurdera doktorgradsarbeid skal ha to eksterne medlemmer, der minst ein skal koma frå utanfor Noreg. Begge desse skal førebu opposisjonsinnlegg, seier Kristoffersen. I dag er det meir eller mindre vedteke at disputasane skal vera om fredagane. – Eg gjer ein stipendiat sine ord til mine: Ein prioriterer fest framfor disputasdato. Det er kultur for å ha disputas fredag, for då kan ein ha fest om kvelden utan at ein må legga seg tidleg. – Ein kan vel ha fest ein onsdag òg? – Det kan ein. Eller ein kan ha fest den påfølgjande helga. Ein har jo ein lunsj for komitémedlemmene etter disputasen dersom dei ikkje har høve til å vera med på doktormiddagen. Framsidefoto: Gudrun Sylte
Han seier at han er innstilt på å sjå på saka. I den samanhengen vil han sjå til Det matematiske-naturvitskapelege fakultet. Som På Høyden skreiv i går, tek det der i dei aller fleste tilfelle ti veker frå avhandlinga er levert til kandidaten har disputert.
– Eg trur det heng att ein kultur frå dei gamle doktorgradene om at dette kan ta tid, seier Gjert Kristoffersen, dekan ved Det humanistiske fakultet.
Kristoffersen seier at han ser at ventetida er eit problem. Han dreg ein parallell til masteroppgåvene, der studentane får tilbakemelding i løpet av nokre veker.