Seriar om Shakespeare

Publisert

Midt inne i Svenn-Arve Myklebost si avhandling om Shakespeare, finn ein ein seks sider lang teikneserie. Den har Myklebost teikna sjølv.

Hellige tre kongers aften i Dynastiet-stil og Kong Lear som indianarhøvding. Det er blant måtane William Shakespeare sine kjende skodespel vert framstilte på i teikneserieform. Det er desse teikneseriane som er tema når Svenn-Arve Myklebost, førsteamanuensis ved Institutt for framandspråk, disputerer i morgon.

– Eg skreiv om teikneseriar allereie då eg tok mastergrad. Då vart eg åtvara om at dette kanskje ikkje var det klokaste emnevalet. Men karakteren vart no god nok til at eg kunne gå vidare, humrar Myklebost.

Adapsjon eller ikkje adapsjon – det er spørsmålet
I avhandlinga ser han nærare på adapsjonsomgrepet. Adapsjon betyr tilpassing eller omforming, og omgrepet er som regel i bruk når bok vert film eller fjernsynsserie. Men er teikneseriane med same namn som William Shakespeare sine skodespel adapsjonar? Nei, meiner Myklebost.

– Eg trur ikkje adapsjon finst. Det er så mykje som skjer når ein tekst vert gjort om – resultatet er større enn summen av delane. Det ein står att med er noko som er laga i vår tid, noko som har ny identitet, seier han.

For at noko skal vera adapsjon, trengs ein originaltekst.

– Allereie der har ein eit problem i forhold til Shakespeare. Ein har ingen originalar, verken filosofisk eller praktisk. Det var for det første slik at Shakespeare skreiv saman med andre – omtrent som moderne manusforfattarar gjer i dag. For det andre var mykje av det han bygde på og baserte tekstane sine på, tekstar skrivne av andre: Romanseforteljingar, myter, eventyr og gresk-romersk teater, seier Myklebost.

I staden for «original» nyttar han omgrepet «modell». Det meiner forskaren viser at teksten er undervegs, men ikkje har ei hierarkisk plassering. I staden for «adapsjon» nyttar han «konfigurasjon».

– Det betyr mønster, struktur eller imitasjon.

Myklebost seier at før Shakespeare si tid var det sett på som god kunst å kunne bruka kjelder, til dømes laga nye vriar på kjende klassikarar.

– Imitasjon betydde ikkje tankelaus kopiering. Det var ein kreativ aktivitet, mykje friare enn me kanskje trur.

Lear-mohikaner
Teikneseriane er nettopp konfigurasjon, meiner Myklebost.

Det finst mange av dei. Nokre er teikna i manga-stil (japansk teikneserie, journ.anm) med forkorta tekst, andre har med heile teksten og har meir klassisk strek.  

– Eg har ein variant av Kong Lear der forteljemåten er inspirert av japanske teikneserie, plottet er frå Shakespeare og settinga liknar «Den siste mohikaner», illustrerer Myklebost.

Han har sett nærare på korleis teikneserien vert brukt til å kommunisera med modellteksten. Nokre av teikneseriane er fulle av referansar og allegoriar til annan kunst og litteratur.

– Lat oss tena litt pengar
Shakespeare sine tekstar har ei lang adapsjons- eller konfigurasjonshistorie. Fleire av dramaa er filmatiserte, blant dei siste er «Romeo+Juliet» (1996) og «The Merchant of Venice» (2004). Allereie på 1800-talet kom stykka som prosafortelljingar og i utgåver utan ord og uttrykk som skulle kunne støta nokon, særleg kvinner og barn. På 1950-talet vart tekstane gitt ut i USA som «Classics Illustrated» - det vil seia i kortform.

– Kva teikneseriane eigentleg er, er litt forvirrande. I butikkar har eg funne dei som teikneserie, plassert ved sidan av drama og i seksjonen «Shakespeare made easy». Nokre av dei er selt som litteratur for barn, men seriane har stort sett ein vaksen stil og stor mengde tekst, seier Myklebost.

Han har ei forklaring på kvifor det finst såpass mange teikneseriar basert på Shakespeare sine tekstar:

– Eg trur det er nokon som har tenkt at «Shakespeare alltid er på pensum, og manga er populært. Lat oss tena litt pengar». Slett ikkje alle teikneseriane er kreative og spanande – det finst tvert om ein heilt del dårleg.

Førsteamanuensisen har sjølvsagt teikna sin eigen teikneserie – om teikneseriar. Den er plassert midt i avhandlinga, og er på seks sider.

– Eg trur ikkje det er så mange avhandlingar som inneheld det, smiler Myklebost.

 

 

Powered by Labrador CMS