– Set bilen heime

I ein e-post sendt til alle ved UiB bed universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken alle om å følgja Bergen kommune sine oppmodingar om å avgrensa luftforureininga i Bergen.

Frå fredag har kommunen innført midlertidig ordning med par-/oddetallskøyring innafor den ytre bomringen. Dette tyder at siste siffer i bilnummeret ditt må samsvara med siste siffer i datoen, altså oddetall eller partal, for at du skal kunna køyra bil.

– Bergen har vore byen med mest forureina luft i Europa denne veka. UiB sender ut oppmodinga for å bidra til at det skal verta mindre luftforureining, seier universitetsdirektøren til På Høyden.

Tidlegare i veka vart dei tilsette oppmoda om å bruka kollektiv transport til jobb.

Les meir om luftkvalitet på Bergen kommune sine heimesider her.

Powered by Labrador CMS