Set pris på indremedisin

Publisert

Fleire forskarar ved Institutt for indremedisin har fått handfast heider for innsatsen sin den siste tida.

Professor Per S. Bakke er tildelt Kirkevolls medisinske pris 2004 for framifrå forsking innan feltet lungesjukdommar. Prisen blir delt ut frå Ragnar og Karen Kirkevolls stiftelse og er på 100.000 kroner.

På Den regionale forskingskonferansen på Solstrand i regi av samarbeidsorganet mellom Helse Vest og UiB, vart det delt ut to prisar for eineståande forsking og fagleg nybrottsarbeid. Den individuelle prisen på 50.000 kroner gjekk til professor dr. med. Per Eystein Lønning ved Institutt for indremedisin og Avdeling for kreftbehandling i Helse Bergen. Lønning har bygd opp ei forskingsgruppe som har internasjonalt ry når det gjeld hormonbehandling av brystkreft. I dei seinare åra har han konsentrert forskinga si om molekylærbiologiske endringar ved brystkreft. Han har fokusert på problemstillingar rundt kjemoresistens (motstandsevne mot cellegift) og mogleg bruk av genterapi.

Forskingsmiljø-prisen gjekk til Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser i Helse Stavanger.

I tillegg har post.doc. Cecilie Svanes, også ved Institutt for indremedisin, vunne prisen for beste vitskaplege publikasjon i 2003 ved European Respiratory Society (ERS) si forskingsgruppe innanfor epidemiologi, miljø og yrke. Prisen vart utdelt på ERS sin årskongress i Glasgow i september.

Powered by Labrador CMS