SFF for ein kvar pris?

Publisert

Dei neste ti åra skal UiB bruka 600 millionar kroner på dei tre nye sentra for framifrå forsking. Er dette rett bruk av pengar? Og er Forskingsrådet den rette instansen til å dela ut forskingskroner?

– Eg er ingen prinsipiell motstandar av å jobba med noko storslagent i ti år. Det er jo ein våt draum for mange forskarar, det. Men eg ønskjer ei skikkeleg evaluering av ordninga.

Det sa Jostein Gripsrud, professor i medievitskap, då Forum for vitenskap og demokrati før helga diskuterte Forskingsrådet si ordning med Senter for framifrå forsking.

Gripsrud har søkt om senterstatus to gongar. I 2006 gjekk han til finalen med prosjektet «Centre of Excellence in the Study of the Digitalisation og Audiovisual Culture». I 2011 kom han berre til første runde med ein utvida versjon av det same prosjektet.

På Høyden har tidlegare skrive om Arild Linneberg, professor i litteraturvitskap. Hans prosjekt «Centre for Humanistic Legal Studies» kom til finalen. Men trass berre toppkarakterar vart det ikkje senterstatus.

– Uinformert og frekt
UiB har klaga på at Linneberg ikkje nådde heilt opp. Denne klagen er no til behandling i NFR. Men Gripsrud har òg vore i kontakt med forskingsrådet.

– Eg klaga ikkje formelt, men eg har hatt ein e-postdialog med Arvid Hallén i Forskingsrådet. Eg hadde to innvendingar når det galdt fagpanelet som skulle vurdera søknaden. Av dei to medlemmene var det to medievitarar som ikkje hadde jobba med det aktuelle fagfeltet. Den siste medlemmen var ein statsvitar som ikkje har gjort ei einaste kvantitativ undersøking i heile sitt liv, sa Gripsrud.

Handsaminga av ein SFF-søknad skjer i fleire omgangar. Etter at eit fagpanel har sagt sitt, får ein komité mellom fem og ti søknader dei skal vurdera. Det er desse komiteane som vurderer kven som skal gå vidare til finalerunden.

– Ingen i fagkomiteen hadde røynsle med samfunnsvitskap eller demokratiforsking. Det er uinformert og frekt, sa Gripsrud.

Utval utan forskarar avgjer
Linneberg sa at arbeidet med SFF-søknaden har gitt han sterkare internasjonale band og styrka det tverrfaglege. Men han er likevel ikkje imponert over prosessen.

Dei som rangerer finalistane er ei ekspertgruppe med sju medlemmer. I denne komiteen sat medlemmer med spisskompetanse innan anorganisk kjemi, byplanlegging, teoretisk filosofi, immunologi, klinisk medisin, mekanisk teknologi og geofysikk.

– Då prosjektet kom til finalen, skulle eg som leiar verta intervjua. Eg skjønte at det var viktig å svara godt, og eg grua meg. Ekspertkomiteen var flinke folk, så eg trudde desse var endå flinkare, sa Linneberg.

Han fortalde om eit intervju som skulle ta totalt femten minutt. Tre av minutta skulle han bruka til å presentera prosjektet.

– Deretter skulle dei spørja meg ut. Nokre av spørsmåla hadde tema som me underviser i i første forelesing for retorikkstudentar. Då byrja eg å lura på kven eg snakka med, sa Linneberg.

Dei som til slutt avgjer kva prosjekt som får senterstatus, er Forskingsrådet sitt SFF-utval. Der sit det medlemmer frå Stiftinga Vestlandsforsking, Norges Handelshøgskole, Hovedorganisasjonen Virke, Institutt for kjemi ved UiT, Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon og Oljeindustriens Landsforening.

Linneberg sine toppkarakterar ga altså ikkje senterstatus. Men eit anna prosjekt, som ikkje berre hadde topkarakterar, fekk slik status.

– Dersom ein hadde sagt rett ut til dømes at «me synest romforsking er viktigare enn juss», hadde eg akseptert avgjersla, seier Linneberg.

Ei slik forklaring fekk han ikkje.

– Alt er ikkje rosenraudt
Viser Linneberg og Gripsrud sine røynsler at UiB ikkje bør satsa på å få Senter for framifrå forsking?

– Dei tre nye sentra UiB no har fått, får 1,1 milliardar kroner over ein tiårsperiode. 550 millionar kjem frå Forskingsrådet, resten skal UiB betala. Er Forskingsrådet den rette instansen til å dela ut forskingskroner? Og kan universiteta gjera noko for å gjenvinna kontrollen?

Det spurte debattleiar Anders Johansen, som er professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap.

– Me ønskjer SFF som ein av fleire mekanismar, sa rektorkandidat og mat.nat-dekan Dag Rune Olsen.

Han sa at ordninga har leia fram til høgkvalitetsforsking ved fakultetet han leiar, men at alt ikkje er rosenraudt.

– Sjå til dømes på kravet om medfinansiering. Dei store aktørane kan, men kan mindre miljø? EU sitt forskingsråd krev til dømes ikkje same medfinansiering. Og kva med exit-strategiar? Det er vanskelegare å få til eksternfinansiering av til dømes Senter for middelalderstudium, sa Olsen.

SFF skal me ha, slo Anne Lise Fimreite, som i denne samanhengen uttalte seg som prodekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, fast.

– Men er det rett å bruka pengar på førehand? I dag opprettar ein i nokre tilfelle til dømes stipendiatstillingar i miljø ein trur kan søka, for å førebu miljøa. No veit me at det vil koma ei ny utlysing om to-tre år, sa Fimreite.

Ønskjer større grunnløyving
Vigdis Broch-Due, prorektorkandidat hos Team Atakan, peika på at det i Forskingsmeldinga heiter at Forskingsrådet skal «være en sentral iverksetter av regjeringens forskningspolitikk».

– Både nasjonalt og internasjonalt vert det mindre og mindre pengar til HF, SV og juss. Det siste er at Forskingsrådet har slått saman Sv og HF til ein fripro-kategori. Dette betyr ei rasering av dei felta, og samanslåinga viser kva ein meiner det er viktig å satsa på, sa Broch-Due.

Ho ønskjer større grunnløyvingar og meir pengar i Forskingsrådet sine frie program.

SFF er eigentleg berre ei forstørring av den vanlege problematikken ein møter i Forskingsrådet. Det er ikkje grunnforskinga ein ønskjer å styrka.

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS