Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Meir satsing på grunnforsking og tettare samarbeid mellom fagområda kan auka inntektene frå noverande oljefelt med 450 milliardar kroner.
For låg utvinningsprosent er årsaka til at svært verdfulle ressursar blir liggande att i oljereservoar under havbotnen. Forskarar ved Universitetet i Bergen ønskjer å møta denne utfordringa med etablering av eit Senter for framifrå forsking. Senteret vil få namnet Centre for Integrated Petroleum Research, og vil bli eit samarbeidsprosjekt mellom seks institutt ved UiB. UiB har det einaste forskingsmiljøet på petroleumsteknologi i Noreg som gjekk vidare til siste runde i kampen om å bli Senter for framifrå forsking. Då oljeproduksjonen kom i gong i Noreg på byrjinga av 1970- og 1980-talet, fann ein store reservoar som til dømes Statfjord og Oseberg. Desse store felta var relativt lette å utvinna sammenlikna med nye felt som er funne, og det har vore mogleg å få opp ein stor prosentdel av olja dei inneheld. Eit anna godt døme på store felt var det første feltet som vart funne på norsk sokkel, Ekofisk. Dette feltet vil det ta meir enn åtti år å tømma. – Vi må få meir olje ut frå grunnen. For mest mogleg lønsemd, må vi få så mykje som mogleg ut av kvart enkelt reservoar. Vi skal utvikla betre modellar for å forutsjå kvar olja er enn det som er gjort til no, seier Skauge. I det planlagde senteret legg dei opp til samarbeid som óg går ut over landegrensene. Det vil bli arrangert årlege arbeidsseminar der deltakarar som arbeider med beslekta problemstillinger blir inviterte.
– Senteret er meint å vera tverrfagleg, men likevel gå i djupna på kvart enkelt fagfelt, seier Arne Skauge, forskingsdirektør for petroleum ved Unifob og leiar for det planlagde SFF-senteret.
– Innanfor petroleumsindustrien har grunnforsking altfor lenge vore neglisjert til fordel for kortsiktig anvendt forsking. Dette svekkar Noreg sitt teknologiske nivå over tid og kan gje store samfunnsøkonomiske tap, seier Skauge.
– Vi vil produsera olje dei neste femti åra og gass dei neste hundre. Vi ser ein tendens til at studentar trur at oljeforsking ikkje er noko å satsa på for framtida, men det meiner eg er feil. Vi vil halda på med petroleumsteknikk i fleire generasjonar til.
Store utfordringer i nye felt
– I dei seinare åra har ein ikkje funne fleire store felt, men ei rekke små felt som det er langt vanskelegare å få god utvinning frå, seier Skauge. Han fortel at dei nyare felta er svært komplekse, og at det difor krev ein større forskingsinnsats å intensivera utvinninga frå desse.
I dag utvinn vi meir olje enn vi gjer nye funn. Om ein samanliknar med å setja pengar i banken, er det meir uttak enn innskudd. Petroleumsforsking har fått større prioritet dei siste åra, ikkje minst fordi det er den industrien som har størst potensiale for inntening. Eit anna moment er at forsking på utvinningsteknikk ikkje kan venta, mellom anna fordi det er ein svært begrensa tidsperiode for produksjon frå enkelte oljefelt.
– Har du forlate eit felt, kan du ikkje gå tilbake. Difor er det viktig å auka utvinninga medan ein er der. Med eit SFF-senter kan vi også sikre kontinuitet i forskning og teknologiforståing i ein industri som er veldig skiftande, påpeikar Skauge.
Mykje å vinna på tverrfagleg samarbeid
– Ofte misser ein noko om ein jobbar over faggrensene. Vi ønskjer å gjera dette på ein ny måte, der vi jobbar tverrfagleg med komplekse problem, seier Skauge.
– Om ein skal ta inn ei detaljert geologisk skildring i ein matematisk modell, så kan ein missa mykje informasjon. Det er viktig å vita kva parameter i den geologiske beskrivinga som har størst innverknad på straumen av vatn, olje og gass i oljereservoara. Dette problemet er svært komplisert og i høg grad tverrfagleg. Det er difor viktig å vera tverrfagleg, men utan samtidig å mista djupna i forskninga. Innanfor det nye SFF-senteret vil vi difor satsa på å utdanna nye forskarar som har ei brei forståing av problema innan oljeutvinning, samtidig med at dei forskar innanfor nisjar der dei er spesialistar, forklarar Skauge
Omlag tretti personer frå Matematisk institutt, Fysisk institutt, Geologisk institutt , Geofysisk institutt, Institutt for mikrobiologi og Kjemisk institutt er involverte. Nokre vil bli verande i sitt fagmiljø, andre ikkje. Hovedtema som vil bli handsama er såkalla dynamisk reservoarkarakterisering, oppsprukne reservoar, reservoarmonitorering, fleirfase straum i heterogene reservoar og utvikling av metodar for meir effektiv utvinning.
Vil dela forskingsresultat
– Alt er ope og kan publiserast. Den tida er forbi da forskingsresultat skulle haldast hemmelege, seier Skauge.
Noreg tener mellom 200 og 300 milliardar per år på oljeutvinning i Nordsjøen. I strategidokumentet OG21, som er utarbeida etter oppdrag frå Olje- og energidepartementet, heiter det at Noreg har eit betydeleg potensiale for å utvinna meir olje. Å henta ut desse verdiane vil krevja omfattande teknologisk utvikling, og Universitetet i Bergen ønskjer altså å bidra til dette.