Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB har sendt 23 SFF-søknader til Noregs forskingsråd. Spennvidda blant søkjarane er stor.
Den tredje søknadsrunden for fagmiljø som ønsker å oppnå status som Senter for framifrå forsking (SFF) vart sett i gong i vår. I går gjekk fristen ut for å sende inn søknader, og Universitetet i Bergen har sendt av garde 23. Norges forskingsråd (NFR) har lyst ut midlar til nye senter innanfor ei total budsjettramme på 155 millionar kroner per år. Talet på nye SFF’ar blir imidlertid ikkje klart før dei nye sentra vert utpeika. Det som er klart, er at ein tek sikte på oppstart i 2013. – UiB bør ha som siktemål å få to eller tre nye SFF’ar, seier Svenn-Åge Dahl, direktør ved Forskingsadministrativ avdeling. Stor breidde Det humanistiske fakultet (HF) har sendt inn fire SFF-søknader, og Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) to. Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN) står bak ti søknader. Medisinarar på hugget – Ved UiB er det naturleg å samarbeide på tvers. Eg trur den breie kompetansen er ein fordel, seier ho. Fakultetet har ikkje villa presse gjennom samarbeid, men har aktivt oppfordra til det i tilfelle der dei har sett det som naturleg. Mange har sjølv sett fordelar ved dette. Fakultetet har enda opp med færre skisser enn det som var utgangspunktet. – Vi har sett ei positiv samhandlingsånd sidan dei første skissene kom inn for nokre månader sidan. Dette har vore ein svært spennande prosess, seier ho. Langeland har godt håp om at Det medisinsk-odontologiske fakultet no skal få sin første SFF. – Søknadene frå fakultetet kjem frå dyktige miljø med svært ulikt fokus, seier ho. Vil forske på psykopatiske kreftceller Forskarane skal kartlegge samspelet mellom kreftceller og miljøet i kroppen ytterlegare. – Dette er miljøforsking på mikroplan, ei form for sosiologi om du vil, seier Lars A. Akslen. Det faglege utgangspunktet er at det ikkje er nok å studere kreftcellene isolert sett, men at ein må ta samspelet i betraktning. Tidlegare forsking har vist at enkelte mekanismar i kroppen gjev kreftceller signal om å halde seg i ro eller å spreie seg. – Vi skal gjere tre ting: kartlegge mekanismane som styrer samspelet, identifisere hovudkjenneteikn ved dette samspelet og bruke dette til betre diagnostikk og gjere nye kliniske forsøk der målet er skreddarsydd behandling, seier han. Ifølge Akslen er mykje av spenninga knytt til å oppdage nye mekanismar. Ved å finne fleire måtar kreftceller lurer kroppen på, kan ein utnytte dette til pasientane sin fordel. – Det å studere korleis kreftceller blir psykopatar er svært fascinerande, seier han. Med 23 søknader berre frå UiB, er Akslen førebudd på at kampen om SFF-statusen blir hard. – Det skal vere tøft å nå fram i konkurransen om å få SFF-tittel, og det er lett for oss å bli nærsynte med tanke på kor gode sjansane våre er. Det blir spennande å sjå korleis vi blir vurdert opp mot andre fagfelt, seier han. Førstereis juristar – Utgangspunktet for SFF-søknaden er at Arktis er inne i ein stor endringsprosess. Sannsynlegvis vil området gå frå å vere dekka av is til å bli isfritt i løpet av dei neste par-tre tiåra, i alle fall sommarstid. Når isen forsvinn, vil Arktis bli eit sentralt område, med utvinning av olje og mineralar, stor skipstrafikk og ei fiskerinæring i endring, seier Nordtveit. Også dei arktiske landområda kan gå store endringar i møte, og lokalbefolkninga kring den arktiske ringen vil merke desse på kroppen. Med isfrie landområde følger mellom anna nye moglegheiter for jordbruk, men også utfordringar. – Allereie i dag har det vorte vanskeleg for eskimoane å drive jakt og fangst, og samane opplever vanskar med å drive tradisjonell reindrift, seier han. Det å styre og handtere dei store endringane vil kreve utvikling av nye rettslege regime og styringsstrukturar, ifølge Nordtveit, og det er her ”Centre for studies in law and governance structures for the changing Arctic” skal kome inn dersom SFF-søknaden blir innvilga. Rettsleg sett styrer seks land store økonomiske soner i det arktiske området, og rettsutviklinga i desse statane vil bli sentral for utviklinga i Arktis i åra framover. – I staden for at jussen skal kome diltande etter slik ein tradisjonelt gjerne gjer, ønsker vi å vere i forkant og prøve å forutsjå fysiske, økonomiske og sosiale endringar og utvikle rettslege teoriar og modellar for å møte dette, seier Nordtveit. Med på laget har juristane både biologar, samfunnsvitarar, geofysikarar, geologar og Havforskingsinstituttet. Dei har også ei rekke internasjonale samarbeidspartnerar. – Vi håper og trur at Bergen har spesielle føresetnader for å lukkast med eit slikt senter, på bakgrunn av det sterke marine forskingsmiljøet i tillegg til jus og samfunnsvitskap, men utfordringa er formidabel og vi vil samarbeide med andre nasjonale og internasjonale forskingsmiljø, seier han. Her er søkjarane * Centre for Cancer Biomarkers, MOF, prosjektleiar Lars A. Akslen, Gades institutt * Centre for Ocean Ecosystem Theory, MN, prosjektleiar Dag Aksnes, Institutt for biologi * Centre for Advanced Research in health Economics, SV, prosjektleiar Jan Erik Askildsen, Institutt for økonomi * Centre for biological neuropsychiatry, MOF, prosjektleiar Clive Bramham, Institutt for biomedisin * Centre for Matter Dynamics under Extreme Conditions, MN, prosjektleiar Laszlo Csernai, Institutt for fysikk og teknologi * Centre for Interdisciplinary Research on Language in Climate discourses, HF, prosjektleiar Kjersti Fløttum, Institutt for framandspråk * Centre for Public Spheres Studies, SV, prosjektleiar Jostein Gripsrud, Institutt for informasjons- og medievitskap * Integrated Earth System Dynamics, MN, prosjektleiar Ritske Huismans, Institutt for geovitskap * Centre for Computational Gene Regulation, MN, prosjektleiar Inge Jonassen, Institutt for informatikk * Centre for Host-Microbe Interaction, MOF, prosjektleiar Roland Jonsson, Gades institutt * Gas Hydrates: Future Energy and Environmental Challenges, MN, prosjektleiar Bjørn Kvamme, Institutt for fysikk og teknologi * Centre for Humanistic Legal Studies, HF, prosjektleiar Arild Linneberg, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier * Norwegian Centre for Dark Matter Research, MN, prosjektleiar Anna Lipniacka, Institutt for fysikk og teknologi * Imaging-based Computational Medicine – from vision to decision, MOF, prosjektleiar Arvid Lundervold, Institutt for biomedisin * Center of Excellence in Translational Diabetes Research, MOF, prosjektleiar Pål Njølstad, Institutt for klinisk medisin * Multiscale Processes in Geoscience, MN, prosjektleiar Jan Nordbotten, Matematisk institutt * Centre for Studies in Law and Governance Structure for a Changing Arctic, JUS, prosjektleiar Ernst Nordtveit, Det juridiske fakultet * Centre for Intervention Science in International Maternal and Child Health, MOF, prosjektleiar Halvor Sommerfelt, Senter for internasjonal helse * Centre for the Study of Music and Change, HF, prosjektleiar Brynjulf Stige, Griegakademiet * Centre for Science in Society, HF, prosjektleiar Roger Strand, Senter for vitskapsteori * Applied Geometry and Analysis, MN, prosjektleiar Alexander Vasiliev, Matematisk institutt * Birkeland Center for Space Science, MN, prosjektleiar Nikolai Østgaard, Institutt for fysikk og teknologi * MN står også bak ytterlegare ein SFF-søknad
Det er stor breidde i dei 23 søknadene frå UiB. Alle fakulteta, bortsett frå Det psykologiske fakultet, er avsendarar for søknader, og til trass for at fagmiljø ved Det psykologiske fakultet ikkje står bak nokon eigen søknad, er dei inne som samarbeidspartnerar.
Det medisinsk-odontologiske fakultet (MOF) står bak seks av SFF-søknadene, dels i samarbeid med andre fakultet ved Universitetet i Bergen og andre institusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Dekan Nina Langeland ser samarbeidet som ein styrke. I utlysinga frå Noregs forskingsråd blir det ikkje lagt avgjerande vekt på samarbeid med andre institusjonar. Langeland meiner likevel at tverrfagleg og tverrinstitusjonelt samarbeid bør slå positivt ut.
Ein av desse søknadene kjem frå kreftforskingsmiljøet ved Gades institutt, med professor Lars A. Akslen i førarsetet. Dette er eit prosjekt med både nasjonale og internasjonale samarbeidspartnerar, som Harvard i USA og Karolinska institutet i Sverige. Ønsket er å bli eit senter samla under eitt tak, der verksemda spenner mellom grunnforsking og betre behandling.
Det juridiske fakultet sender inn SFF-søknad for første gong. Professor Ernst Nordtveit sit i førarsetet for ”Centre for studies in law and governance structures for the changing Arctic”.
Desse søknadene er sendt inn frå UiB: