Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Neste veke flyttar studentane inn i Grønneviksøren. Studentbyen er to år på etterskudd og 200 millionar dyrare enn planlagt. No går Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) til sak mot underleverandørane.
Tålte ikkje vind: Kvar gong det blåste meir enn 18 meter i sekundet, måtte byggearbeidet stansast. Dette skuldast ein alvorleg konstruksjonsfeil. (Foto: Dag Hellesund) Dei 700 bueiningane i SiB-prosjektet Grønneviksøren skulle stå klare for studentane for to år sidan. Her skulle familiar, kollektiv og aleinebuarar få plass. Når dei første studentane flyttar inn, to år etter planen, er det i eit dyrare hus. Ifølge BT.no har Grønneviksøren kosta 200 millionar meir enn planlagt. Dette er pengar direktør i SiB, Per Kristian Knutsen, ønskjer å få tilbake. No går SiB til sak mot underleverandørane Multiconsult og Norsk Betongindustri. – Vi har ei god sak – Å få refundert 200 millionar kroner vil utvilsamt bety ei finansiell styrking for oss. Vi meiner vi har ei god sak, seier direktør i SiB, Per Kristian Knutsen, til BT.no. Den første forseinkinga kom då morselskapet til totalentreprenøren Faktor Industrier gjekk konkurs i september 2011. Deretter vart det avdekka ein kritisk konstruksjonsfeil. Svalgangane i bygget var svært underdimensjonerte. Blåste det liten kuling, måtte arbeidet innstillast, og alle bygningsarbeidarar forlate huset. Å rette denne konstruksjonsfeilen medførte store kostnader. Uforståande – Vi har berre hatt ein del av prosjektet, og det går ikkje tydeleg fram av stemninga kva vi skal ha gjort feil, seier Christian Nørgaard Madsen, dagleg leiar i Multiconsult, til BT.no. – Vi er berre ein av mange som har hjelpe Faktor med råd og prosjektering, og har jobba med ventilasjonsprosjektering, geoteknikk og totalkonsept for stabilitet, seier Madsen. Advokat for Norsk Betongindustri (Nobi), Svein-Dag Karlstad i advokatfirmaet Schjødt, vedgår at det er gjort feil i byggeprosessen. Men han meiner Multiconsult ikkje kan svare for 200 millionar kroner. – Hovedproblemet er at Faktor og Multiconsult har gleppe med den totale konstruksjonen. Dei store feila ligger hos Faktor eller Multiconsult, ettersom Multiconsult var Faktor sine prosjekterande. Nobi har kun deltatt i betongdelen, men er innforstått med at det kan vere gjort enkeltståande feil i betongkonstruksjonen. Då snakkar ein om heilt andre beløp enn det som er presentert her. Vi meiner det er snakk om beløp under ti prosent av det som blir avkrevd, seier Karlstad til BT.no – Entrepenør utan erfaring – SiB hadde ingen anbudsrunde, men valgte Faktor ut fra pris for å få husbankstøtte, har Hans Martin Moxnes uttalt til BT.no.
Prosjektet Grønneviksøren skulle byggast som modulbygg. Stykkpris per bueining: 600 000 kroner. Samla pris for heile prosjektet: 450 millionar kroner.
Multiconsult stiller seg uforståande til stemninga.
SiB har tidlegare vorte kritisert for å ha valt Faktor som totalentrepenør. Hans Martin Moxnes i bransjeforeningen for bygg- og anleggsentreprenører i Hordaland og Sogn og Fjordane har uttalt at Faktor var ein entrepenør utan erfaring, som kun vart valt grunna omsyn til pris.