Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Frå og med i dag er namnet «SiB» historie og den nye Studentsamskipnaden på Vestlandet har fått namnet «Sammen» eller «Saman». Norsk Målungdom meiner ein bør bruka meir nynorsk i profileringa.
Etter fusjonen av høgskulane på Vestlandet blei også studentsamskipnadane fusjonert. Fusjonen var bestemt av Kunnskapsdepartementet, som også la følgande namn på bordet: «Studentsamskipnaden på Vestlandet»
I april vedtok styret i den nye studentsamskipnaden å endra forkortinga av namnet frå SiB til Sammen/Saman. No er namnebytet tredd i kraft - og utskiftinga av skilt har byrja på institusjonane.
– Me synest namnet Saman i samspel med våre avdelingar kan gje studentane gode assosiasjonar og tilleggsverdi til kva me driv med i Studentsamskipnaden på Vestlandet, seier direktør Per Kristian Knutsen, i ei pressemelding, og legg til:
– Det er ikkje tvil om at det har vore ein lang veg å gå for å koma hit. Namneprosessen har tatt tid, og det har vore mange ulike meiningar både om fusjonen og namnet. Me tenker at Saman gjev oss ei god retning for korleis samskipnaden skal gå vidare for å utvikla dei beste studentretta velferdstilboda i heile vestlandsregionen.
Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, meiner den nye samskipnaden bør profilera seg endå meir på nynorsk. I dag byter samskipnaden på å profilera seg på nynorsk eller bokmål alt etter kva område dei er i.
– Me skulle gjerne sett at dei brukte nynorsk på sidene til Bergen og Haugesund/Stord også. Den nye samskipnaden dekkjer eit område med mange nynorskbrukarar. Desse fortener å få sjå språket sitt i bruk, seier Hope.
I Bergen og Haugesund er namnet Sammen, men i Førde og Sogn og Fjordane, Saman.
– Kommunegrenser er inga hindring for å bruks nynorsk i profileringa. Studentar i Bergen og Haugesund har ikkje vondt av å lesa nynorske skilt, uansett kva språk dei skriv til vanleg, seier målungdomsleiaren. Dessutan meiner han det er sjølvsagt at samskipnaden skal heite Saman i nynorskbyen Stord.
Les også: Har sett av 15 millionar til nytt studenthus i Sogndal
Styreleiar i Samskipnaden på Vestlandet, Magnus Nygaard, seier dei ikkje vil utvida nynorskbruken per no.
– Me brukar ulik målform ved dei ulike studiestadene, me har vedteke at det skal heite Saman i Sogn og Fjordane. Utover det er ikkje dette noko me har tatt stilling til, seier Nygaard.
– Det er naturleg for oss å bruka dei målformane som mesteparten av studentane brukar. Per no brukar me dei to målformane, det er det ein har vedteke at ein skal bruka – og det er vår politikk.
– Kan det bli aktuelt å vurdera å bruka meir nynorsk på dei andre studiestadane også?
– Det er ikkje noko me har tatt stilling til endå, seier Nygaard.