Sigmund Grønmo: Universitet i samfunn og marknad
Rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo, held måndag 13. mars foredrag i Bergen kulturforum om “Universitetet - samfunnsinstitusjon eller marekdsaktør?”
- Eg vil ta utgangspunkt i universitetet sin historiske tradisjon og grunnleggjande verdiar, dessutan universitetet sine oppgåver, og det ansvaret og den plassen og verdien denne institusjonen har i samfunnet, seier rektor Grønmo i ei pressemelding.

- Ut frå dette vil eg diskutere nokre problemstillingar omkring universitetet sitt tilhøve til staten, næringslivet, arbeidslivet, kulturlivet og samfunnslivet elles. Eg vil og drøfta ulike syn på korleis universitetet bør finansierast, organiserast og styrast. Her tek eg utgangspunkt i dei to store universitetspolitiske tilrådingane i dei seinere åra - frå Mjøsutvalet og Ryssdalutvalet, seier Grønmo.
Foredraget vert halde kl. 18.30 i Grand Selskapslokale.
Det vert kunstnarleg innslag og servering i pausen, og høve til debatt. Arrangør er Bergen kulturforum. Ordstyrar er tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Ranveig Frøiland.