Siste sjanse for 7RP

Publisert

Ei siste innstendig utlysing av EUs 7. råmeprogram blei nyleg bore fram på Forskingsrådet sitt informasjonsmøte ved UiB sist veke.

– Forskarane bør søke på EUs 7. råmeprogram fordi dei skal vise at dei greier å konkurrere på den internasjonale arenaen, skaffe finansiering, og vise at deira kvalitetar held stand, sa forskingsrådet si utsending, Gudrun Langthaler sist veke.

Ho meiner marknadsaspektet bør vere avgjerande når forskarar søkjer EUs 7. råmeprogram (7RP). For gjennom 7RP skaffar dei seg nettverk som gjer at dei blir inviterte på nytt og blir etterspurde.

–Slik finn ein organisasjonar som treng den kunnskapen dei produserer, seier ho.

Norsk suksess
Norge betaler to prosent av budsjettet til råmeprogrammet, og dette får vi også att for. Over 23 prosent av dei norske søknadane får gjennomslag. Vi ligg altså noko over gjennomsnittstalet for alle landa som er på 20 prosent, fortel Langthaler, og i vestlandsregionen har vi vore spesielt dyktige.

–Vestlandsregionen er ein av dei beste i Noreg når det kjem til å få forskingstilskot. Her er det mange gode institusjonar som har forstått korleis ein bør gå fram, kva som krevjast frå ein søknad, og korleis ein kan få finansiering, seier Langthaler.

61 prosent av dei norske prosjekta er i teorien gode nok til å få støtte, hevdar Langhtaler, men pengane programmet har rekk diverre ikkje så langt. Norge har likevel ei forholdsvis stor deltaking, med minst ein nordmann i 13 prosent av alle prosjekta som får støtte.

7RP fremjar europeisk økonomi
Dersom ein skapar ny kunnskap og resultat som gjer at det vil oppstå nye produkt eller tenester så vil det skape nye marknadar som fører til nye arbeidsplassar, meiner Langhthaler.

– Det vil vere ei verdiskaping som gjer at Europa økonomisk kan få eit betre samfunn. dette gjeld ikkje berre pengar , men samfunnet som heilskap. Ta til dømes utfordringa vi står ovanfor med eldrebølgja. Om vi finn vegar til at vi held oss friskare, er mindre belastande og kan bidra til samfunnet lenger vil jo store delar av dette problemet vere løyst, seier ho.

Samarbeid mot horisonten
7RP skal avviklast i 2013, men blir då avløyst av eit nytt program. Horizon 2020 som det nye programmet heiter, vil vidareføre dei store linjene frå 7RP, men no vil det vere eit større fokus på innovasjon og samarbeid på tvers av faga. 

– Horizon 2020 skal bidra til at vi skal arbeide saman for å finne svara på dei store utfordingane. Når klimaet forandrar seg vil det påverke alt, kva som helst og kvar som helst. Då treng vi tverrfagleg samarbeid, seier Langthaler.

Siste sjanse for 7RP

Faktaboks/ EUs 7RP

* Det sjuande råmeprogrammet for forsking og teknologisk utvikling varar i sju år frå 2007 og ut 2013.

* Det totale budsjettet for programmet er på om lag 400 milliardar kroner, og budsjettet har auka kraftig i denne perioden i samanlikning med tidlegare år.

* Storparten av budsjettet skal brukast til å støtte forskingsprosjekt rundt om i Europa. Midla delfinansierar forsking innanfor ulike fagområde, teknologisk utvikling og formidling av nye forskingsresultat.

* Tilskota vert utdelt i etterkant av utlysingane. Det er mange søkjarar og konkurransen om midla er svært hard.

*Hovudmålsettinga bak 7RP er å styrke Europa si stilling som leiande forskingsregion i eit stadig meir konkurransedrive globalt kunnskapssamfunn ved å styrke det teknologiske og vitskaplege grunnlaget for europeisk industri.

(Kjelde: CORDIS - Community Research and Development Information Service)

Powered by Labrador CMS